Mot normalt

Share

I dag ville huseigar ha styremøte i radiostova, men eg hadde ein avtale om å få nye dekk til bilen, så eg kunne ikkje låse opp for dei klokka 12. Då eg ringde Tarald Myrum, som er styreleiar for å fortelje at han kunne hente nøkkel på Velkomstsenteret og fortalde at han måtte slå av alarmen, verka det som om han vart litt overraska over det med alarm. Men vi har alarm i Valle Radio, den hyler ganske kraftig, det veit eg, for eg kom til å løyse den ut ein gong.

Før eg skulle dra til Mandal, hadde eg ordna ein time hjå fastlegen min, Hallvard Mosdøl. Eg har slite noko med ein fot i sumar og tenkte han kunne finne ei løysing. Men det synte seg at hans løysing var annleis enn eg hadde tenkt, og før eg visste ordet av det, var eg utstyrt med rekvisisjon til akuttmottaket på Sørlandet Sykehus Kristiansand.

-Jaja, dei nye dekka står godt, tenkte eg, og drog til Kristiansand. Litt over klokka 14 kom eg inn og vart registrert. Korridoren var full av folk, og etter ei stund høyrde eg ein sjukepleiar som sa at folk som sat og venta, hadde sete sidan klokka 10. Det var bare å smørje seg med tålmod. -Fredagane er ofte kaos her, var det ei anna som sa.

Ein får høve til å reflektere litt når ein sit slik i ein sjukehuskorridor og ser folk kome og gå. I grunnen var eg glad for at eg ikkje hadde det som dei andre pasientane, det var mange som kom ut att med gipsa arm eller hand. Eg tenkte at eg for det meste har sluppe unna slike skavankar i livet. Ein gut kom med foreldrene, han hadde skadd handa då han spelte handball og faren meinte han heller burde gå over til å spele handball på data, det var ikkje så skadeleg. Sonen bles til det forslaget, tydeleg irritert over at nokon kunne vere så dum som pappa… Ettersom han kanskje skulle få narkose, kunne han verken ete eller drikke, men han fann seg i det med stoisk ro og ein ispose på den skadde fingeren.

Det førte tankane over til handballjentene. Dei skal spele finale i morgon, den har eg gledd meg til å sjå heile veka. Truleg vert det også mot normalt, for sjukehuset kunne ikkje få gjort det dei måtte då eg endeleg kom frå kø i korridoren til undersøkingsromet. Klokka var blitt nærare seks og aktiviteten var gått over på kveldsbluss, og der synte det seg at eg ikkje kunne bli prioritert. I staden fekk eg ny time i morgon klokka 09, og når handballjentene spelar klokka 09.45, spørs det om eg sit i køen eller vil få høve til å sjå kampen.

Det blei altså ein fredagskveld mot normalt. Og knappast ei einaste redigering på wikipedia heile dagen, det er og mot normalt.