Åremålsdagar

Share

Åremålsdagar kjem og går. Eg trur Britta Lise hugsar på dei fleste, og i kveld kom det ein epost frå henne. Ho er den av medarbeidarane i Valle Radio som på ein særskilt måte spreier varme og har omtanke. Det seier eg utan å blunke, for eg synest det, og det skal ikkje vere til forkleining for andre.

Ferien er over og vi starta opp att i dag. Det har jo blitt nokre telefonar, for born og familie er spreidde over heile landet:
Sigmund og Margareth er på fottur i Rondane,
Margunn og Stein er tilbake i Kristiansand etter å ha vore på Katie Melua-konsert i Hauge i Dalane laurdag
Helge er på jobb i Oslo og har vore det ei stund
Rønnaug og Lars Gustav har fått skulegutt i familien, då Håkon begynte i 1. klasse i dag. Eg trur nok at Kristine misunte han litt, ho må vente eit år.

Bursdagshelsingar i brev er det ikkje så ofte ein får lenger, no er det tekstmelding som gjeld, og søskena mine har lært seg kunsten betre enn eg. Så Solvor og Hermund får få svaret her, dei les jo bloggen og får med seg litt av kvart om Valle Radio.

Men mor sende brev, ho hadde funne eit kort med informasjon om kva som hende i 1947, og så supplerte ho med det som er sjølvopplevd: At det var ein varm sommar og ein dag om lag som dagen i dag. Å nærme seg pensjonsalder og ha foreldre i live, er det få som opplever, men den velsigninga har eg fått, og eg takkar for den. Ho ringte og, halv elleve om kvelden, for ho hadde vore på kvinneforening, dei starta haustsesongen i kveld. Sprekt gjort når ein sjølv er tett på 91.

Og så er det epost, då. Eit av søskenbarna mine, Brit, er ivrig epostar, så eg får stadig rapportar om sykkelturar på Jæren. Ho legg ved bilete, så flotte bilete at ein får heimlengt og undrar seg over alt det ein kan finne av vakre ting når ein er ute og syklar. Eg sa heimlengt, ikkje sykkellengt, det er noko anna.

Ein stor del av dagen i dag var eg ikkje inne og fylgde med på eposten. Då eg i kveld sjekka innboksen min, låg det og ein epost frå Helge Homme med gratulasjon.

Siste eposten eg opna med bursdagshelsing var frå blogg-administrasjonen. Dei oppmoda meg til å skrive om dagen på bloggen. Dermed vart dette innlegget ganske annleis enn det eg skriv om til vanleg. Men det var godt å kome til Valle att og starte skule og møte vener og kjente i bygda.

Det har blitt litt skriving på wikipedia i dag og, Her er ein artikkel eg har hjelpt litt til med tidlegare: http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8d_skogsnegl Det er utruleg alt ein kjem borti.

Eg hadde tenkt å late dagen passere stille. Difor laga eg ingen fest for elevane i pausen vår på skulen i dag. Det spørs om eg ikkje må orne noko i morgon når det no vart så offisielt at det til og med kom på bloggen. Den som lever, får sjå. Feiringa med mat hadde vi laurdag då syster mi og mannen var på besøk. Reidun hadde laga Lady Goldenglow-kake, som er ei gamal oppskrift frå Ålgård, og den smaka nesten like godt som eg hugsar frå 50 år tilbake. Her er oppskrift på kaka: http://home.no.net/hleite/ladygold.htm

Kanskje vi skulle verte betre til å markere åremålsdagar i Valle Radio?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *