Kva skal ein skrive om?

Share

Når ein sit og funderer på kva ein skal skrive om på bloggen i kveld, og det ikkje dukkar opp noko, då burde ein seie god natt og droppe skrivinga. Men så var det den fikse ideen om at ein helst skulle skrive noko kvar dag, og dermed vil ein gjerne ha noko ned på skjermen likevel.

Men dagen i dag har vore temmeleg tom, eg har vondt i ein fot og har ikkje kome meg ut i det heile tatt. Som regel er det eg som tek turen til butikken, men i dag drog kona til Tilbudsenteret og kjøpte komper på tilbod, 10 kroner pr. kompe er jo nesten innbrotspris. Og då vi hadde fått maten i oss, fortente den vonde foten ein middagskvil, og eg slo lag med han. Ute regna det, så det var liten grunn til å vurdere ein tur ut etter middag.

Då eg stod opp, hadde det slutta å regne, men det var tid for ettermiddagskaffe. Det er triveleg når ein har ferie og kan setje seg ned på ettermiddagen og prate. Underleg at nesten kvar gong ein set seg til bords, ringjer telefonen. I dag hadde den ringt før eg kom meg or senga, så vi hadde fred ved bordet.

Etter kvart drog dagen seg mot fotballkamp mellom Molde og Ålesund på TV2, så eg vart sitjande å sjå på den. Eg funderte på kva eg skulle skrive på bloggen, men på skjermen dukka det ikkje opp noko i det heile. Så gjekk eg til datamaskinen, men den sida eg brukar for å finne interwikilenker på wikipedia hadde fått ein stans, så i staden måtte eg ty til andre ordningar. Det enda opp med at eg importerte den svenske artikkelen om songen Jesus det eneste og omsette den: http://no.wikipedia.org/wiki/Jesus%2C_det_eneste Deretter fann eg stoff om han som skreiv salma, Ole Theodor Moe, som og var den som grunnla Blå Kors, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Theodor_Moe Dermed kom tanken på kva som skulle på bloggen litt i bakgrunnen, og så nærma klokka seg døgerskifte, utan at eg hadde bestemt kva eg skulle skrive om.

Jaja, det får stå til for denne gongen. I morgon dukkar det sikkert opp noko.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *