Milesteinar

Share

Milesteinar sette romerske soldatar opp for kvart 1000 pass. Eit pass var to skritt, så omrekna til meter vert det 1482 meter. Vårt ord mil kjem på ein måte frå dette ordet slik det var på latin: Mille pass = tusen pass. Den koplinga hadde eg ikkje gjort før, og eg har meir enn ein gong undra meg på det lengdemålet, kor det kjem frå og så vidare.

Men det er ei anna sak. Milesteinar kan vere så mangt. På vegane er det ei markering av 10 km, men elles i livet kan det vere større mål som vert ståande som milesteinar:

Eg følte litt av det då eg hadde laga lista for hausten 2008 for Valle Radio. 13 veker med program fordelte på svært mange medarbeidarar var på plass.

Den som vil gå ned i vekt, kan oppleve det som milestein å sjå vekta stoppe på minus fem kilo etter nokre veker med speking av kjøtet.

Å fullføre Norsk språktest kan vere ein slik milestein. Lærebøkene set opp små mål, kapittel for kapittel syner korleis kunnskapen aukar.

Når ein ser tilbake på livet, ser ein og slike milesteinar. Det kan vere når ein starta i ein jobb eller når ein slutta i han. Mange opplever det som milesteinar når ein gifter seg eller når born kjem til verda. Å flytte inn i nytt hus, kan og vere ein milestein i livet.

Eg trur det er lurt å setje ned slike steinar, å markere for seg sjølv og andre at eit mål er nådd. Det hjelper ein til å finne haldepunkt på vegen gjennom livet.

Eg veit ikkje kva du har sett som milestein etter sommaren 2008. Send meg ein epost om du vil dele det med meg. harhaugl at gmail dot com er epostadressa mi når eg seier henne. Du finn sikkert ut korleis det skal skrivast.

Wikipedia har artiklar på mange språk om milesteinar. Dei har bilete og. Gå hit og sjå om du finn noko interessant: http://no.wikipedia.org/wiki/Milestein

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *