Normalt

Share

I går var det mot normalt, i dag er det normalt. Turen til sjukehuset i dag tidleg var før trafikken hadde starta, og truleg var timen eg hadde fått før rushet sette inn på akutten og, for korridorar og venterom var tome då eg kom inn. Dermed vart eg ført vidare ganske så omgåande, og før eg visste ordet av det, sat eg utanfor eit rom og venta på undersøking, dei måtte bare ordne ein pasient som var innlagd først. Men då ho var ferdig, kunne eg leggje meg på ein benk og overlate den vidare prosessen til ein dansktalande lege som tydelegvis kunne sine ting. Han klemde og trykte på foten min med ultralydscanneren som best han kunne. I dataalderen går bileta digitalt frå den eine PC’en til den andre, så for meg var det bare å gå attende til akutten og vente på resultatet.

Den ventetida vart kort, for det var OL-finale i handball. Dei var alt komne til 2. omgang, og eg trudde mest ikkje mine eigne augo då det var leiing på fem mål etter første omgang, og leiinga auka. Dei smilte og fann kvarandre i dei mest umoglege situasjonar. Mest heile omgangen gjekk før legen kom med resultatet, som heldigvis var positivt for min del. For å vere sikker på at han vurderte rett, drøfta han foten min med ein overlege og, det gjorde ikkje noko, for fjernsynet var godt, og eg var framleis om lag åleine i venteromet.

Konklusjonen på det heile var at eg kunne dra heim utan at dei hadde funne noko spesielt å engste seg over, med andre ord, det var normalt løp i venene mine i høgre foten, sjølv om han ikkje hadde likt sommarvarmen noko særleg.

Men nye dekk vart det ikkje, då eg kom til Mandal, var det stengetid hjå Dekk1, så eg får vel klare meg ei ny veke med dei gamle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *