Startar de snart?

Share

Dette spørsmålet har eg fått mange gonger den siste veka. Det verkar som om folk ventar på at Valle Radio skal kome i gang att.

Til alle som har spurt, har eg måtta seie at vi startar ikkje før i september. Men til onsdag, som er siste onsdagen i august, er det kommunestyremøte, og det vil vi overføre.

Eit problem som eg vil dele med dykk, er at vi treng fleire teknikarar. Gudrun Rysstad har teke ein pause etter fleire år bak spakane, og Knut Olav Tveiten er reist på skule og er ikkje heime midt i vekene. Vi vil prøve å setje opp ei liste for å halde sendingane i gang, men det er ingen tvil om at vi treng fleire til å hjelpe oss på teknikarsida om vi skal klare å halde aktiviteten oppe. Har du lyst og høve til å hjelpe, er du svært velkomen.

Styret hadde og fått eit spørsmål om vi ville arrangere rebusløp i kulturveka, men det sa vi nei til, vi kan heller hjelpe arrangørar å få ut informasjon om sine arrangement gjennom radioen. Det er meir det som er naturleg for ei radio.

Britta Lise har gjort eit stort arbeid med å organisere og få på plass nye reklamar. No er dei fleste i boks, det er bare finpuss att. Du har noko å gle deg til, det er gjort ein full gjennomgang av dette stoffet.

Vi hadde seminar før ferien, der vi drøfta kva som er god radio. Vi var innom mange tema, men det var ikkje noko framlegg om å endre på den malen for program som vi har laga, så mønsteret vil verte det same som tidlegare. Så får vi sjå etter kvart korleis det legg seg til rette.

Så svaret på spørsmålet i overskrifta er: -Ja, me startar snart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *