Tveitetunet

Share

I år verkar det som om det har blitt satsa ekstra i Tveitetunet, i alle fall om ein skal vurdere etter talet på oppslag i Setesdølen i sommar. Valleutstillinga har hatt mange omtalar. Det starta med skodespelet Sigrid og Bjørgulv av Olav Mosdøl, som vi jo hadde reklame for i radioen framover våren. Sidan har det vore bryllaup i Tveitetunet, og denne helga er det Olsokstemne der.

Eg bladde i avisa og las artikkelen om det populære “bryllaupet”, der det var oppmarsj av mykje fint folk i sommarvarmen. Dette var same helga som eg var i bryllup, i Brevik var det nærare 30 varmegrader og gjestene der var glade dei hadde bestemt seg for ikkje å bruke bunad. Å sjå brurefylgjet på Tveitetunet i daleklede var flott, men eg hadde medynk med dei, der dei kom i full mundur, Tor Espen Helle, som var brudgom hadde til og med Setesdalskofte på seg i solsteiken.

Eg var på Setesdalsmuseet i vår då boka om bunad av Aagot Noss vart presentert. Då kledde dei opp ei brur, og eg såg alt ho hadde på seg, Om Birgit Anette Helle hadde like mykje på seg, var det nok varmt for henne og. Og spelemannen Hallvard T. Bjørgum måtte få seg eigen solparasoll for å ha litt skugge under spelet.

Men det er jo flott at dei syner tradisjonane. Flott er det og at Valleutstillinga og museet på Tveitetunet får presseomtale og mange gjester. Årets olsokstemne fortener og godt oppmøte. Ta turen i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *