NAV til Posthuset

Share

-Innan januar vert det samlokalisering av NAV i det huset som no vert nytta av Posten i Valle.

Det var rådmann Arne Tronsen som fortalde dette i programmet Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden. Det vil verte seks personar som arbeider der, tre frå statleg nivå (Aetat og Trygd) og tre frå kommunalt nivå (flykning og barnevern). Tanken er at dei og skal samarbeide med NAV Setesdal og totalt gje eit betre tilbod til innbyggjarane i kommunen.

Posten flytter til Øyne, dei treng jo ikkje liggje i sentrum, for lokala brukast til å sortere post til Valle og Bykle kommunar, ikkje til å yte skranketeneste til folk. Den tenesta har no lenge vore Post i butikk hos COOP-butikkane i Øvre Setesdal.

Riksveg 9
Tronsen kommenterte og Riksveg 9, som måndag markerte opning av ein om lag 5 km lang parsell frå Ose til Tveit: -Vi hadde ikkje fått ein meter veg om vi ikkje hadde hatt bompengefinansiering. Men nåverande plassering av bommen er ikkje der det mest trafikk.

I samtalen var vi og innom trongen for at arbeidet ikkje stoppar opp. Men han ville ikkje snakke om avtalen som er gjort mellom fylket og kommunane om å bruke pengar frå sal av konsesjonskraft til vegen, det meinte han ordføraren heller burde svare på.

Viktige parsellar som står att er Sandnes – Harstad i Valle og Tveit – Langeid i Bygland. Ein er diverre ikkje kome så langt at ein kan gå i gang med Tveit – Langeid enno. Så ein må nok rigge ned prosjektet no, og heller starte opp att når ein er klar for neste etappe.

Nedrigging og flytting
Kvar fredag er det eit diskusjonsprogram i P1 mellom klokka 13 og 14. Fredag 12. september var tema Vegar i Norge. Problemstillinga var om ein skulle bruke vegpengar i det sentrale austlandsområdet, eller om dei skulle brukast i distrikta. Engasjerte innringarar var fleire gonger innom klattinga i vegbygging ved at ein ikkje gjer ferdig ein strekning, men tek ein kort del, så riggar ned anlegget. Dermed går pengar tapt i rigginga. Mange har nok same opplevinga når det gjeld Riksveg 9, sjølv om ingen av dei som var på tråden i den sendinga, nemnde Riksveg 9.

Riksveg 9 var og tema i Valle Radio seinare på kvelden, då Leonhard B. Jansen var gjest i studio og snakka med Harald Haugland om ferdsle i Setesdal i gamle dagar. Då tok ein bytur tre veker for byklarane, kunne han fortelje.