Sauer og sykling

Share

I Haralds time med gjester i studio i morgon kjem først Torunn Charlotte Lund for å fortelje om førebuingane til sauesjået. Ho kunne ikkje kome til den aktuelle timen, for det er sykkelarrangement på Valle skule til inntekt for Syklar til Cuba. Men når det er slutt, kjem ho i radioen for å fortelje om kva planar det er for å vitalisere sauesjået i år.

Når ho er ferdig, kjem Jan Olsen frå Bygland. Det er han som har stått for prosjektet med Syklar til Cuba. I fjor fekk prosjektet problem med styresmaktene på Cuba, så han samlar ikkje inn syklar no, ettersom dei ventar på lov til å dele ut syklar der no. I staden vil sykkelløpet i Valle i morgon samle inn pengar til eit hus som er sikkert i orkanar som slår inn på Cuba, anten dei heiter Ike eller har andre namn. Eit orkansikkert hus kostar frå 10.000 kroner til 14.000 kroner, og målet er å få pengar til eit slikt hus gjennom prosjektet i Valle. Jan Olsen vil fortelje meir om dette i Valle Radio frå klokka 20:20 i morgon.