Studietur til Finland 1

Share

Sundag 24. august klokka 04 på morgonen gjekk 22 egder ombord på bussen i Arendal for å dra på studietur til Finland. Arrangør var foreninga Norden, og dei fleste deltakarane hadde vore med på lesesirklar om finsk litteratur. Det hadde også Lisbeth og Knut K. Homme, som hadde reist frå Valle i eitt-tida om natta.

-Det var bare å setje seg til å sove i bussen, fortalde ho i Valle Radio i går kveld.

Første stopp var Frokost i Töckfors, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/T%C3%B6cksfors Om du går til lenka til svensk språk, finn du meir om denne staden like over grensa. Etter frokost var det ny økt i bussen til lunsj i Arboga før ein kom til Siljas ferjeterminal i Stockholm. Der var det middagsbuffet og tidleg til sengs ombord i den store båten i ferjeruta mellom Stockholm og Helsinki. http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%A4rjelinjen_Stockholm-Helsingfors

Frå Helsinki gjekk turen til Borgå. http://no.wikipedia.org/wiki/Borg%C3%A5 som er administrasjonsby i regionen Østra Nyland, http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%96stra_Nyland i
Sødra Finlands län, http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B6dra_Finlands_l%C3%A4n

Borgå, som heiter Porvoo på finsk, er kjent for kyrkjefellesskapet Porvoo-fellesskapet, http://no.wikipedia.org/wiki/Porvoo-fellesskapet som er eit fellesskap av kyrkjer i Europa som godkjenner dåp og nattverd hos kvarandre, noko som gjer at prester frå eitt kyrkjesamfunn kan ha teneste i eit av dei andre. Men Lisbeth var ikkje komen til Borgå for å studere teologi, det var litteratur som var temaet for denne turen.

I Borgå ligg heimen til Finlands nasjonalskald, Johan Ludvig Runeberg, http://no.wikipedia.org/wiki/Johan_Ludvig_Runeberg og etter lunsj gjekk turen dit. Det var og høve til å sjå skulpturar av son hans Walter Runeberg, http://no.wikipedia.org/wiki/Walter_Runeberg og når det var over, var det guida tur i byen.

-Guiden hadde mykje å fortelje og syne, så det vart helst ein travel tur, sa Lisbeth i radioen. Etter middag om kvelden var det bare å slappe av og samle krefter til ein ny dag, då skulle gruppa til Helsinki. Men bloggen vert for lang om eg skal skrive om heile turen i ein post, så det får vi ha til gode.