Flyktningleir i Thailand

Share

I vel eit år har ein karen-familie budd i Valle. Dei er frå Burma, men budde i ein flyktningleir i Thailand i 12 år før Høgkommissæren for flyktningar fann ny bustad for dei mellom fjella i Noreg. Landskapet her er likt landskapet dei kom frå, med unntak av snøen om vinteren, då. Dei hadde ikkje sett snø før dei kom hit.

Eg har hatt gleda av å undervise i norsk for utlendingar nokre år og har dermed blitt kjent med mange av flyktningane som har budd i Valle. Etter kvart som dei har blitt flinke i norsk, har eg dei siste åra prøvd å syne dei til wikipedia, der kan dei finne svar på mykje om Noreg og andre land.

I dag ville eg gjerne syne ein elev noko her. Dei skal ikkje bare lære norsk, men og samfunnsfag, og då kan wikipedia vere eit godt hjelpemiddel. På mange av geografiartiklane i wikipedia er det oppgitt lengdegrad og breddegrad. Om ein klikkar på den, kan ein kome til Google Map og andre kartprogram som syner kor staden ligg. Etter å ha vore innom nokre stader i Noreg var det naturleg at han ville finne Burma, og snart var han oppslukt av å sjå heimlandet frå satelitt. Han hadde aldri vore i Rangoon, hovudstaden i heimlandet, men synte meg kartet over området der generalane byggjer nye hus for seg og sine familiar.

Desse karta har ein funksjon, ein kan trykkje på ein knapp for å få fram artiklar om stader som er på wikipedia. Dermed nytta vi denne funksjonen, og plutseleg var vi i kommunen i Thailand der flyktningleiren låg. I artikkelen var det eit bilete frå leiren med 40.000 innbyggjarar, og både eg og han gjorde store augo då han sa at det var der han budde. Vi hadde jo ikkje venta å få sjå bilete frå leiren han kom frå om vi slo opp på den engelske artikkelen om dette området i Thailand.

Eg tenkte eg skulle dele det med dykk i dag, de kan gå inn og sjå biletet her på denne lenka, eg la det inn i norsk wikipedia på artikkelen om Karen (folkeslag) ettersom dei aller fleste som bur i denne leiren er karenarar. http://no.wikipedia.org/wiki/Karen_(folkeslag)

Klikk på biletet, så får du sjå det i større format. Å kome frå slike bambushytter med blad på taket til Valle er nok litt av ein overgang.