Bytting av dagar

Share

Kommunestyret har flytta møtet denne månaden til tysdagskvelden. Dermed bytter vi dagar og sender tysdagsprogram på onsdagskvelden:

Tirsdag 23. september

Teknikar: Jørund Georg Jore

18:00 Kommunestyremøte

Onsdag 24. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Biel
18:30 Møteplassen
19:00 Musikalen Peter av Per Tveit og Vidar Kristensen. Ganddal pikekor syng
20:00 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Seinromantisk musikk på orgel
21:00 Kyrkjebakken

Kommunestyremøte tysdag

I staden for vanleg tysdagsprogram, vert det overføring av kommunestyremøte tysdagskvelden i Valle Radio. Etter saklista å døme blir det eit kort møte, der kommunestyret mellom anna skal vedta opplegget for NAV i Valle.

Men Harald Haugland må flytte sitt program til onsdagskvelden. Han fortel til Setesdølen at det i haust har vorte ein del endringar i programtilbodet. Norea Mediemisjon, som han har samarbeidd med har lagt om sitt tilbod til radioar dei samarbeider med. Men det er framleis råd å høyre både Over ein open Bibel og Møteplassen i Valle Radio. Men Noreamagasinet er gått inn, og det er eit sakn for mange. I staden formidlar Norea eit program som avisa Dagen Magazinet står bak. Det kallast Nettnytt og er på bare tre-fire minutt, om lag som bulletinen Setesdølen lagar for Evje Radio. Programmet Aktuelt frå kyrkje og kristenliv må difor basere seg også på andre kjelder, og har framleis eit perspektiv ut over det lokale. Men Niklos K. Besteland held ut og vil presentere eit program han har kalla Seinromantisk kyrkjemusikk i programserien Postludium onsdag kveld.