Kommunestyremøte for september 2008, meir

Share

I går skreiv eg om sakene i kommunestyremøtet, i alle fall om nokre av dei. Men før kommunestyret kom til saklista, hadde representantane heidra Tina Høgevoll for Bleieboden. Ho har fått pris for beste nykomar innan netthandel, og ordføraren vart lyrisk då han takka henne for innsatsen og overrekte henne ein stor blomebukett frå Valle kommune.

Førespurnader
Deretter var det førespurnader.

Fyrst kom det spørsmål om leikeplass og fartsdumpar i Øyne. På det siste vart Tarald Flateland utfordra til å svare, og han kunne fortelje at sjølv om det var vedteke i planutvalet at ein skulle få fartsdumparar i Øyne, var det ikkje budsjett til å bygge faste, asfalterte fartsdumpar. Dei hadde difor stressa ein del med å få lagt ut flyttbare fartsdumpar ein dag i sommar, men då kvelden kom, var dei borte. Sidan hadde ikkje noko blitt gjort.

Spørsmål nr. 2 var om det var kome rapport etter brannen på Åraksøyne, men det var det visst ikkje.

Tredje spørsmålet handla om ungdomsklubben, som no ikkje er i gang på grunn av at ungdomssleiar har permisjone. Det vart opplyst at Motellet hadde gjeve tilbod om å ha ope for desse unge brukarane, men kor langt saka var komen, visste ikkje ordføraren og administrasjonen denne kvelden.

Deretter var det spørsmål om PC-ordninga. Det synte seg at det bare var to representantar som ikkje hadde epost, så saka hadde blitt sett på vent medan ein vurderte henne.

Til slutt kom det spørsmål om kyrkjestoga. Til det sa ordføraren at kommunen vanskeleg kunne seie noko konkret før kyrkjelyden og Valle Motell hadde bestemt seg, men at han og gjerne skulle ha sett ei avklaring på denne saka.

Og der slutta førespurnadene.