Alternativ onsdag

Share

Eg tok ein telefon til 577 om lag klokka 22 i kveld, og då var det bare så vidt Ingebjørg Ellinor hadde tid til å snakke eit lite minutt, telefonane kimte i bakgrunnen. Det vart altså onsdagskveld som normalt i Valle.

Sjølv drog eg til Mandal i dag fordi eg skal på eit møte i Kristiansand i morgon. Første onsdag i kvar månad er det eit arrangement som heiter Syng deg glad i Mandal. Det vert halde klokka halv sju i aktivitetsenteret til Mandal Sykehjem, der kona mi arbeider, og i kveld hadde vi høve til å vere med. Det vart ei triveleg oppleving.

Vi visste ikkje heilt korleis det gjekk føre seg, så vi kom der fem minutt før det skulle starte. Då sat 90 songglade folk i alle sofaer og rundt alle borda både i publikumskafeen og i området som Dagsenteret nyttar. Glade tonar strøymde frå pianoet, og folk hadde fått seg kaffe og vaflar til å varme opp songstemma med. Det var ingen grunn til å vente med starten, huset var jo fullt, så halv sju helsa leiaren velkommen og presenterte songgruppa og solisten som var med denne kvelden. I løpet av den kvelden song vi kjente og kjære songar, her er lista (eg noterte opp etter kvart, for eg tenkte at eg kunne jo skrive om det på bloggen i kveld):

Mari, du bedåre
Sønnavindsvalsen
Lille vakre Anna
Lille måltrost
Vise for gærne jinter
Min egen by
Din tanke er fri
Hildringstimen
Den førsta gång jag såg dig
Uti vår hage
Kom sommarvind
Nordlandsnetter
Hvor såre lite skal det til
Lykkeliten
We’ll meet again
La oss leve for hverandre
Sommersol til siste stund
Tyttebæret
Så grønn en drakt

Midt i var det ein pause der folk som ikkje hadde fått seg kaffe og vaflar, kunne kjøpe det i kafeen. Men den varte bare 15 minutt, så var vi i full song att. Vi nytta songboka Syng deg glad, den same som Pensjonistforeninga i Valle brukar på sine møter.

Det har i ulike samanhengar blitt sagt at folk som har Alzheimers sjukdom, ( http://no.wikipedia.org/wiki/Alzheimers_sykdom ) og ikkje lenger hugsar, har glede av song, for kombinasjonen av tekst dei kjente og melodi, leitar fram gløymde minnestrukturar. Det var litt rart å sitje og sjå korleis det bokstaveleg talt skjedde midt i forsamlinga. Eldre som til vanleg ikkje tala noko særleg, nynna med og song med etter kvart. Folk som har slektningar på sjukeheimen, tok dei med til songkvelden og kunne sjå korleis songane gjorde godt og skapte attkjenning og glede.

Vi burde syngje meir.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *