Kommunestyremøte for september 2008

Share

Møtet var flytta til tysdag på grunn av at elgjakta startar torsdag, og då måtte folk bruke onsdagen til å gjere seg klar til den. Men eg lurer på om alle hadde fått flyttinga med seg, for eg tala med Torleif B. Harstad etter møtet og han hadde ikkje sett at det var tysdagsmøte denne gongen, men av di han var på soknerådsmøte på kommunehuset, var det lett nok for han å bare bytte møterom. Men vi merka at Senterpartiets Steinar Kyrvestad var borte.

Eg fekk altså høve til å høyre på sendinga i kveld, og kvaliteten der var ok, med unntak av då Pål Dale hadde spørsmål til Olav Hovet si utgreiing om Agder Energi. Dei var det ingen radiolyttarar som fekk med seg.

Samrøystes
Det vart eit samrøystes kommunestyremøte. Alle sakene var samrøystes vedtekne. Då det i saka om prinsipp for økonomistyring framover kom ei rad med framlegg, løyste ordføraren det med å be gruppeleiarane danne ein komite som kunne lage eit sams framlegg av desse. Då fylgde ein formannskapet sitt framlegg til vedtak og laga dette tillegget:

Etter administrasjonen sin gjennomgang over innsparingar tek kommunestyret ei prioritering over
1. Total innsparing
2. Tidsplan for gjennomføringa
3. Konsekvens av innsparinga
Den administrative innstillinga vert lagt fram i eige temamøte og behandla politisk.

Med dette var alle vel nøgde.

NAV
Fleire av sakene var relatert til NAV Valle. Det har vore meininga at dei skal samlokaliserast i det gamle postbygget, men no er det endring på gang. Posten flyttar ikkje til Øyne, men gjev avkall på ein del av bygget, og så flyttar dei som no arbeidar i Helsehuset og skal over i NAV inn der, medan Trygdekontoret sine folk truleg held fram der dei er. Alle kjem ikkje under same taket, men avstanden er kort.

Førespurnader vil eg kome attende til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *