Ein triveleg epost frå Britta-Lise gjev meg grunnlag for å fortelje om Open sending på sauesjåsendinga:
Hei Harald.
Hadde ei triveleg opi sending ihop med Kåre Rike i studio og Knut Olav Tveiten i teknikken.
Tlf-vakter var Gudrun Nomeland og Geir Uppstad -som heldigvis og tilfeldigvis kom innom.
Tema for rebusane var om tradisjonsmat frå Valle, av sau/lam. Alt frå fårikål-flotmylje-kurv-rullepylse-nepespa-setesdalssuppe…osv Hadde i den forbindelse gjort opptak med Ingrid Espelid Hovik, http://no.wikipedia.org/wiki/Ingrid_Espelid_Hovig
der ho sente helsing til alle lyarane og yngste lykke til med saueutstillinga, rebusane og radioen.
Ho kunne også fortelje at ho hadde vore i Setesdalen og at ho skulle ha fårikål til middag på sundag 🙂 http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%A5rik%C3%A5l
Mellom rebusane hadde vi desse innslaga :
– Tlf. ned til motellet for å høyre stemninga på “sauedansen”. Tala med Tor Kjelleberg i 23.30 tida,som sa at der då var 220 pers. og god stemning.
– Tlf til Oslo og tala med Grethe L.Brokke Lundebrekke,som i samarbeid med ein annan jobbar for å gje ut ein cd til jol. Ho sjølv komponerer melodiane. Vi spelte 2 smakebitar av songar dei alt har spelt inn. “Stille varme” og “Veggen mot vest”
– Hyggeleg besøk av Vidar Toreid og Gunnar Homme i studio. Dei fortalte om skulejubileumet dei skal ha på Bergtun laurdagskvelden.
– Hadde avtala med Ørnulf før han reiste til haustfesten i Minot at vi skulle ringe han opp under sendinga. Fekk desverre ikkje tak i han, prøvde fleire gonger.
Vi avslutta sendinga ca 00.15. Her ser du gevinstfordelinga :
Rosa -Torhild Lunden som gav den til Linda Myrvang
Valle Radio-kruset Jorunn Bø Andersen
Toleiv Harstad, Valle – Sprettball/trimball
Magnhild Bø, Rysstad 5 stk Skinkebokser (gjeve av Gyro.K.Homme)
Ove Løvland, Kr.sand Bok om tradisjonsmat i Valle (gjeve av bygdekv.laget)
Grethe Tveit, Evje – Digitalt sjakkspel
Kristin Nomeland,Valle- 2 stk lommelykt
Arnfinn Thulin, Kr.sand herreklokke
Inger Marie Godfredsen, Evje badgolvteppe
Heidi Homme, Grimstad Oppskriftshefte om tradisjonsmat i Valle (gjeve av bygdekv.laget)
Åslaug Lidi ,Bygland Oppskriftshefte (gjeve av bygdekv.laget)
Ellen Helene Skaar, Kr.sand Oppskriftshefte (gjeve av bygdekv.laget)
Her kan eg bare seie takk til alle som var med og laga sendinga til ein triveleg kveld.