Kvilestein

Share

Tysdagssendingane kan fungere som kvilesteinar, og det treng ein i ein travel kvardag. No er hausten så sur at ein godt kan setje seg inne og høyre på Valle radio og få noko til ettertanke i høve til det daglege jaget. Når vi har andakt, informasjon om misjon og kristeleg arbeid rundt om i landet og i Valle, så vil vi inspirere til å tenkje på noko som ikkje er så materialistisk som dagens strev. Sendinga vil inspirere til å tenkje litt på korleis ein har det med det åndelege livet og med sin neste. Difor høyrer vi Sondre Bratland, som nyleg feira 70 år, syngje Det finnes en dyrebar rose som er på plata med namnet Kvilestein.

Sendinga denne tysdagskvelden hadde så ein andakt av Arvid Hunemo i serien Over ein open Bibel. Deretter fekk vi interessante tankar frå Janne Haaland Matlary i programmet Møteplassen. Du finn meir om henne på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Janne_Haaland_Matlary Deretter fekk vi høyre eit opptak av Misa Campesina framført av elevkoret på Soltun folkehøgskole, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Soltun_Folkeh%C3%B8gskole Dette er ein musikal eller ei messe med norske tekstar av Edvard Hoem http://no.wikipedia.org/wiki/Edvard_Hoem som er arrangert av Arne Dagsvik, som er komponist og organist, men som på den tida var lærar på Soltun. Misa Campesina er sidan spelt inn av SKRUK på CD. Eg hadde stor glede av musikken og songen, det var amatørar som gjorde stykket til ei stor oppleving.

Klokka 20 kom Sissa i studio for å fortelje om Valle kyrkjelyd sitt engasjement i Kulturveka 2008. Valle kyrkje var lånt ut til konsert laurdag med Kingelvev, ei gruppe som Kim André Rysstad, Laila Buer Storli og Jon Ole Morken er med i. Det kom 70 tilhøyrarar til ein fin konsert. Sissa fortalde og om Veronica Akselsen http://no.wikipedia.org/wiki/Veronica_Akselsen som kjem til Valle sundag for å ha konsert i Valle kyrkje klokka 17.

Kyrkjelyden står som arrangør saman med Folkeakademiet for å markere Mangfoldsåret 2008 i Valle. Det skjer på Soknehuset laurdag frå 13 til 17. http://no.wikipedia.org/wiki/Mangfolds%C3%A5ret_2008