Hans Inge Fagervik

Share

Då eg i dag var innom Joker i Valle, møtte eg Arne Bakke som tipsa meg om at Hans Inge Fagervik skulle kome til Valle skule denne veka. I sendinga tysdag kveld tok eg ein telefon til Hans Inge for å høyre litt om kva han skulle gjere.
http://www.hansingefagervik.com/default.aspx?menu_id=3&item_id=5

Det synte seg at det er tale om ein to timars konsert med foredrag om problem som born og unge har i samband med rus. Det er tale om 9 skulebesøk i Aust-Agder og tilsvarande i Vest-Agder i samband med TV-aksjonen 2008, som går til Blå Kors. Hans Inge har vore engasjert i dette i mange år, på ulike måtar. Han fortalde at han fekk mange brev frå folk som levde med slike problem, ettersom han tek det opp i songar og innlegg. Vi hugsar songen Farvel, Marita, som han skreiv for mange år sidan om ei jente som døydde som rusmisbrukar. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Maritastiftelsen som har om lag 30 tilsette medarbeidarar i Oslo, og om lag 100 frivillige som er med i arbeidet.

I annonsane før aksjonen er det bilete av ei jente. Så kjem spørsmålet: Korlei forklare at du ikkje har med skolemat i dag heller fordi ingen heime passar på å kjøpe inn brød. Les mer på http://www.nrk.no/tvaksjonen/ som har mange fine artikler om saken.

I programmet fekk du og høyre Mediekommentaren Det hemmelige landet, som du og kan lese her http://www.fom.no/sider/tekst.asp?side=4068 Det var Bjørn Olav Hammerstad som hadde den kommentaren, og den tok opp problemet med at journalistane ikkje tek inn over seg Norges største helseproblem, truleg er ein kvart million barn og unge berørt av at foreldre har eit alkoholproblem, eller at dei festar i helgene slik at borna vert redde.

Hans Inge fortalde om ei jente som kvar kveld som foreldrene hadde fest, reagerte på at pappa snakka så høgt, som om han var sint. Og så hadde han gevær i huset, tenk om han vil skyte. Difor låg ho med vindushaspene av i andre etasje for å kunne hoppe ut om han kom med våpen. Slikt skaper angst hjå barn, og det var ein psykolog som hadde fortalt om det til Hans Inge.

Bare 10 minutt, men interessant og gjevande å høyre på.