Endå ein onsdag

Share

Det verkar som om onsdagane kjem tettare no, ikkje før var sist onsdag unnagjort, så var det sanneleg ein ny onsdag att. Programmet i kveld var det vanskeleg å få på plass, men 17:55 var det i boks med fyrst ein telefonprat med Bjørgulv T. Berg om vegvedlikehald før vinteren set inn, så ein lang studioprat med Ørnulf Hasla om turen til Norsk Høstfest. http://www.hostfest.com/ Det var interessant å få ein fersk rapport. Til slutt i den aktuelle timen hadde eg ein prat med leiaren i Folkeakademiet i Bykle om Mangfaldsfesten dei skal arrangere laurdag. Dei tek sikte på mat og folkedrakter frå mange land.

Valle skule hadde ansvaret for Kommunen informerer, men dei strevde litt med å få det til. Torsdag skal mange lærarar på leseopplæringskurs, no har ein lesing i alle fag som satsing i skulen. Og rektor Frøydis Unneland skulle til Arendal på landsmøte for rådgjevarar, noko som ho hadde bunde seg til å vere med på lenge før ho vart rektor. Men eg nådde henne på telefonen i bilen, då var ho komen til Skomedal, og ho fortalde levande og interessant om aktuelle saker. Fredag er det Sørlandske Lærarstemne, så lærarane har planleggingsdag i samband med denne dagen, og elevane har fri.

Når ein har ansvaret for vakt på riksveg 9 er det vanskeleg å stille med Tankar frå Bibelen i Valle Radio utan å planlegge på litt sikt, så Bjørgulv T. Berg kunne ikkje kome og ha andakt denne kvelden, men Irene Krokeide Alnes sitt program i serien Over ein open Bibel gjorde nytte for seg. Resten av den tilmålte tida song DeKor, ei gruppe frå Kristiansand under leiing av Bjarne Stølen.