Annemor Sundbø vaskar fillehaugen

Share

Onsdagskvelden hadde eg med Annemor Sundbø i Valle Radio frå klokka 20:30 til 21:00. Ho var på spitekafé på Husfliden i Valle og eg nytta høvet til å invitere henne i radioen. Det er alltid lett å prate med henne. Denne kvelden hadde ho med seg estiske Tuulip Tobin som har eit tre månaders prosjekt med å gå gjennom det store teppet Annemor har med strikkeplagg. Det er stilt ut i Storstoga på Ose, og ein kan avtale tid for å kome inn og sjå på det.

Annemor fortalde at det var 15 år sidan det hadde blitt vaska og stelt, og det hadde vore på mange utstillingar rundt om, blant anna rundt i Danmark. Ho var redd for at det skulle gå møll i ulla. Til no hadde ho unngått det, men vask, stryking og frysing i fryseboks skulle ta knekken på eventuelle larver.

Det er ein levande strikketradisjon i Estland, og Tuulip Tobin hadde fortald om den på spitekafeen og synt bilete med mønster og teknikkar til folka på Husfliden. Ho har studert folkekunst både i heimlandet og på Rauland, så ho var svært interessert i temaet. Ho skulle vere på Ose tre veker til, så var prosjektet slutt.

Annemor fortalde at ho no hadde selt Torridal Tweed-bygningen på Strai i Kristiansand. Det var den fillehaugen der som vart grunnlaget for bøker og foredrag og det ho held på med, men det gjekk fleire år før ho eigentleg såg kva det var ho hadde i haugen og kunne begynne å ta vare på det som var verdfullt. Av mange tonn, 16 trur eg ho sa, hadde ho no eit tonn i utstillinga si. Resten var kjørt på dynga, ho hadde betalt for å bli kvitt det.

Annemor Sundbø er snart ferdig med ei ny bok, men ho reknar ikkje med at den kjem før til neste år. Den handlar om strikka klede i biletkunsten. Men det er eit strevsamt arbeid med korrektur og å finne bilete og få det heile pusla saman, så ting tek tid.

http://no.wikipedia.org/wiki/Annemor_Sundb%C3%B8