40 år på Valle Handel

Share

Onsdagskvelden kom Gunnar Brottveit i studio for å snakke i høve at det tysdag var 40 år sidan han begynte på butikken. Før han kom til Valle hadde det vore problem, og han var usikker på om han skulle slutte på Moisund, der han hadde ein grei jobb. Men det løyste seg då han fekk meir betaling enn han hadde, han kravde 25.000 kroner i året for å kome til Valle, og etter noko tid til å tenke seg om, aksepterte styret for butikken det.

Gunnar fortalde levande og greitt om utviklinga ved butikken i hans tid. Dei flytte inn i andre etasje, og der budde dei heilt til for få år sidan. Det kunne nok av og til vere litt uroleg i sentrum om kveldane, men ein vert vant med det meste.

Då han begynte på Valle Handel, som no heiter COOP Valle BA hadde dei ikkje sjølbetjening. Då henta kjøpmannen varene frå hyller bak disken. I hans tid har det vore fleire utbyggingar, men tomta gjev i grunnen ikkje plass til meir utbygging no, noko står alt på kommunal grunn, trur eg han sa i løpet av samtalen vår.

Gunnar har i tillegg til å drive butikken og føre rekneskapen og ta del i alt det praktiske arbeidet, ved hjelp av brevkurs teke autorisasjon for å selje radio, TV og parabolanlegg. Og så har han hatt eit sterkt engasjement i Valle IL og vore leiar for laget i fleire år. Det er særleg sykling og ski som har vore greinene han har vore aktiv innan, han har sykla Trondheim – Oslo og mange andre lange turar i Norge og også vore med på sykkelritt i Sverige. Men ikkje Color Line Kristiansand Hirtshals, han har i grunnen redusert syklinga ein del etter at butikken tok til å ha ope til klokka 18, då er det ikkje så mykje att av kvelden at treningsgrunnlaget kan bli godt nok. Men framleis tek han skituren til Sirdal, Sesilåmi, kvart år. Han har vore med på alle renna, med unntak av det fyrste.

Og butikken har utvikla seg, no er det få agentar som står og tek opp bestillingar, no går det på data. Rekneskapen har han fått hjelp til tre dagar i veka og tunge lyft med kraftfor er og sjeldnare. Ein lyt fylgje med tida og tilpasse seg dei endringane som kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *