Amerikatur og Amerika-tankar

Share

Medan Norsk Høstfest sjå http://www.hostfest.com/ går føre seg i Minot, sjå http://da.wikipedia.org/wiki/Minot_(North_Dakota) (vi hadde ikkje artikkel på norsk, så du får klare deg med den danske og kanskje gå frå den til den engelske) med folkemusikk, Bjøro Håland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8ro_H%C3%A5land fårikål og sal av smykke (Ørnulf Hasla er der i år og) startar Kulturveka i Valle med konserten PLAY PIANO PLAY med Øystein Kikut i Spelestoga i morgon klokka 19:30. Det er der lagt opp til at ein skal gjette fire til fem av stykka som Øystein spelar og som ikkje er sett namn på på programmet, og så kan ein vinne tur til USA til verdi av 5000 kroner. Han spelar populærmusikk frå hundre år tilbake og fram til vår tid, men så var det å hugse kva stykka heiter.

Konsertar i Spelestoga er gjerne intime opplevingar, ofte kjem det 20 til 50 personar på dei. Dette er altså opninga av Kultuveka 2008, og ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund skal markere det. Eg veit ikkje om det vert direkte overføring til Valle Radio, men det er bare dei som møter opp i Spelestoga som får vere med i konkurransen. Billetten kostar 100 kroner, det er Folkeakademiet som står for dette arrangementet.

Det er åtte år sidan Valle Radio arrangerte Amerikatur. Det var eit svært populært tiltak, framleis snakkar folk om turen med glød og glede. Så får det våge seg at det meste ein høyrer om i media om USA er bankkrise og økonomiske problem. USA er mykje meir enn det, og Norsk Høstfest har halde på i 31 år. År etter år møtest folk frå USA og Canada med folk frå dei skandinaviske landa til nokre dagar saman. Konsertane der er ikkje intime saker med få tilhøyrarar, dei samlar tusenvis, særleg når Bjøro syng, men gjennom åra har det vore hundrevis av artistar som har gledd publikum med sin musikk.

Om du får ein fersk rapport frå Ørnulf sin tur til USA i Valle Radio fredag kveld, står att å finne ut. Men det kan godt tenkjast at det kjem ein rapport i år og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *