Ein lang sykkeltur – og litt til

Share

Nina Irslinger, organisten på Evje, sykla sommaren 2005 frå Nordkapp til Lindesnes. Ho er ikkje den einaste som har gjort det, men trule den einaste som fortel om det med bilete og levande korsang. Det skjer i morgon kveld i Spelestoga i Valle, og det er Syngjandi som er koret ho har med seg. Sjølv spelar Nina piano til bileta.

Turen til Nina tok 38 dagar, i snitt sykla ho 98 km kvar dag, det er om lag så langt som ho køyrer når ho måndag dreg frå Evje for å halde foredraget sitt. Totalt sykla ho 3500 km, og ho la turen om Vesterålen og Lofoten, ho sykla langs kysten frå Trondheim til Bergen før ho tok turen gjennom Setesdal og til Lindesnes. Litt sør for Bodø var ho innblanda i ei ulukke som førte til brist i skulderblad og ribbein. Då måtte ho ta ein pause eit par veker før ho kunne halde fram.

Eg veit ikkje kor mange andre setesdølar som har teke den turen. Det var eit sykkelmiljø som dreiv med konkurransesykling tidlegare, men då Jan Olsen tidlegare i haust var i Valle Radio og snakka om Syklar til Cuba, sa han at det var tre frå Valle som hadde vore med på Color Line Kristiansand-Hovden. Men det er og konkurranse, å sykle for å oppleve er ei anna greie.

I programmet for Kulturveka 2008 var det i dag, sundag, bare sett opp spasertur frå Preststøyl øvst i Leite, nord til Tveitebø og attende til Valle sentrum langs vegen. Ein kunne ta ein stopp hjå Sissel Åkre for kaffirus. Til Setesdølen fortalde Sissel at eit slikt tiltak minner henne om miljøet hennar heime i Oslo, der sundagstur i Nordmarka med innlagt stopp på ein serveringsstad for kaffe og vaflar. Det er slikt ein kallar kul tur.

Sjølv har eg avrunda haustferien med å seie farvel til barnebarn som har vore på besøk nokre dagar. Og så har eg skrive om Pierre Nkurunziza på wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Pierre_Nkurunziza Han er president i Burundi og er på offisielt besøk i Norge i morgon. Historia om han er ganske spesiell, han var ein av mange som vart påverka av Aril Edvardsen sine evangeliseringskampanjar. Du kan lese meir om det via lenkene i artikkelen om han.

Eg tenkjer av og til at wikipedia bør ha stoff om noko som er aktuelt i Noreg, for då er det mange som slår opp på Internett for å få vite meir. Dermed rota eg litt og utvida den artikkelen. Men no er det tid for å kome i gang att etter haustferien. Lukke til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *