Ein spennande kveld

Share

For meg var onsdagskvelden ein spennande kveld. Eg var sett opp som teknikar, men så synte det seg at Ørnulf Hasla, som var sett opp til å vere programleiar, var i USA og ikkje kom heim før fredag. Det førte til at eg ba Ronny Stavsholt å ta ansvar for heile kvelden, noko han kunne. Men likevel vart det til at eg fann dei innslaga vi skulle ha tidleg på kvelden.

Første innslaget i den aktuelle timen var Leonhard B. Jansen som kom og fortalde om Jon Løyland, han har redigert ei bok med stoff Løyland samla og skreiv ned saman med bilete han tok. Den skal lanserast på Revsnes Hotell neste onsdag, men vi fekk smakebitar av boka i radioen i kveld. Alle som vil kan kome på lanseringa, som skjer klokka 15.

Deretter kom Malmfrid Nyborg Homme for å fortelje om Kulturveka 2008, ho er leiar i komiteen som står for den. Rett frå fullsett spitekafe på Husfliden til aktiv informasjon om resten av veka.

Til sist kom Kim André Rysstad og fortalde om plata som vart kåra til Årets nykomar på FolkeLarm nyleg: Tak hardt uti hand. Han fortalde og om Kingelvev, konserten han og to andre musikarar hadde i Valle kyrkje sist laurdag. Då kom det 70 publikum, dei har gjeve svært positive tilbakemeldingar. Vi fekk smakebitar både frå Årets nykomar-plata og frå konserten i kyrkja.

Det var litt usikkert kven som skulle kome frå Valle komune, på papiret stod det Velkomstsenteret, men det synte seg å vere Utviklingsavdelinga ved kulturrådgjevar Torunn Charlotte Lund. Ho hadde ei rekke ting å fortelje om med utgangspunkt i kulturarbeidet ho driv.

Når så Torleif B. Harstad dukka opp for å ha Tankar frå Bibelen, var vi ganske godt i veg med kveldens program. Ronny fekk ein liten pause frå studio, men snart var han i gang att med eit blues-program. Deretter leidde han Open sending med triveleg småprat med dei som ringde inn. Rebusane handla om Kulturveka 2008 og vi fekk nok telefonar til at det vart ein triveleg kveld, sjølv om det neppe kan kallast nokon telefonstorm. Difor hadde Bitte og Ingunn ein roleg kveld, dei og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *