Eventyr i skogen

Share

I den aktuelle timen onsdag fortalde Malmfrid Nyborg Homme om Valle Bygdekvinnelag sitt arrangement der medlemmene skulle spele ulike folkeeventyr i skogen på vegen frå Preststøyl ovanom Leite til Joresåne. Arrangementet gjekk av stabelen i går kveld, og dei var i alle fall heldige med veret. Sjeldan fin haustdag 9. oktober i år.

Det synte seg at dei og var heldige med oppslutninga. Eg snakka med ho som spelte Reveenka, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Reveenka og ho meinte det kanskje var så mange som opp mot 100 som tok turen i det fine veret. Lisbeth på biblioteket, som hadde øvd inn fire eventyr til arrangementet, tok ikkje så hardt i, men ho meinte det kanskje hadde vore opp mot 70. Diverre hadde ingen av skodespelarane kome på å telje, så dei måtte gå gjennom deltakarane og telje i ettertid. Men Dei tre bukkene Bruse, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/De_tre_bukkene_Bruse som kom attende frå setra og gjekk på brua over Joresåne, dei er no vel heime att etter ein lang sommar på fjellet.

Sjølv hadde eg ikkje planar om å gå den turen. Etter å ha hatt sending både tysdag og onsdag, gledde eg meg til ein roleg torsdag, og om det høvde slik, ville eg heller ta turen til Brokke grendehus og høyre Sigurd og Daniel spele og fortelje om spelemenn frå Garo. No høvde det ikkje slik, for eg vart sitjande på biblioteket i staden for Lisbeth, ettersom den som skulle hatt vakt der, vart sjuk. Det er greitt å kunne gjere ein innsats for kulturen i Valle, det kan skje på mange måtar. Etter eit kort innføringskurs i å bruke MicroMarc utlånsystem, tenkte eg at lukka står den kjekke bi og sette meg bak skranken på biblioteket og helste Lisbeth lukke til med eventyrforteljinga.

Eg sat i grunnen der og tenkte at den som kom på biblioteket i dette fine veret, måtte vere ganske sugen etter lesestoff. Det synte seg at eg fekk rett, det var ikkje mange som var innom, så sjølv om datasystemet ikkje var heilt vennleg og eg difor ikkje klarte å bruke den nyerverva kunnskapen, vart det ikkje mykje for Lisbeth å ta att då ho kom på jobb i dag.

Ei av bøkene som var levert inn, var Ken Follet: I all evighet http://no.wikipedia.org/wiki/Ken_Follett og eg stod på venteliste til å få den. Så eg tenkjer eg avsluttar her og ser om eg får lest litt av den mursteinen på over tusen sider før natta ror sin lette båt, som Sondre Bratland syng det så fint på plata Kvilestein. http://no.wikipedia.org/wiki/Sondre_Bratland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *