Hjartestartar og sykkelritt

Share

Det har vore hjartestartar i Vallehalli i eit par år, men om folk ikkje veit korleis den skal brukast, er det til lita nytte. Difor arrangerte Valle IL eit kurs for trenarar. Av åtte inviterte deltok åtte, fyrst fire timars generell fyrstehjelp, deretter tre timar trening i å bruke hjartestartar på ei treningsdokke. Dei lærte å lese informasjonane som kjem fram i displayet på hjartestartaren. Kursleiar var Terje Refsnes frå Sørlandets Førstehjelpsundervisning.

Hans Skottrud, som har 40% stilling som driftsleiar i Valle IL, var i radioen onsdagskvelden for å fortelje om dette. I samtalen vår kom vi inn på systemet som dei har i ambulansen, den hjartestartaren dei har der er meir avansert, den kan stå i kontakt med sjukehuset direkte og folka i ambulansen kan få råd frå legane på sjukehuset.

Som driftsleiar i Valle IL jobbar Hans Skottrud med mange ulike oppgåver. Han kom mellom anna inn på at det hadde vore eit møte om Color Line Kristiansand Hovden, sykkelrittet som ein no arbeider med å få oppgradert slik at fleire får ei oppleving rundt det, og slik at fleire kan vere med. Ein har mål om å auke frå 800 deltakarar til 4000. Men for å få til det, tenkjer ein seg store skjermar langs vegane der folk kan fylgje med på situasjonen, ja ikkje bare langs vegen, men og på internett heime eller ved å bruke IP-sonar som no er tilgjengelege i fleire tettstader i Setesdal. Ein kunne jo tenkje seg ein storskjerm i Valle sentrum som synte utviklinga i sykkelløpet og så kunne fleire hundre samlast og heie på syklistane og naturlegvis handle og gjere det ein gjerne gjer i sentrum av Valle siste laurdag i mai.

Det fekk meg til å tenkje på Tour de France, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Tour_de_France Når vi ser på det rittet om sommaren, er det jo tusenvis av tilskodarar som kransar løypa. Ein kan vel vanskeleg tenkje seg å stenge Riksveg 9, men i alle fall regulere biltrafikken denne dagen. Då eg nemnde helikoptera som fylgjer Touren, kunne Hans fortelje at siste året hadde dei filma rittet frå helikopter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *