Kulturveka går mot slutten – kulturelt mangfald

Share

I går var det orgelkonsert ved Martin Pearson, men den hadde eg ikkje høve til å gå på sjølv, så eg veit ikkje kor mange som kom til Valle kyrkje for å høyre han spele. I dag var det markering av Mangfaldsåret 2008 i Hylestad soknehus. Sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/aktuelt/nyheter/2006/Mangfoldsar-i-2008.html?id=100064

Det er fort gjort å markere kulturelt mangfald med å invitere folk til å gå i folkedrakter og kome med matoppskrifter frå heimlandet. Vi har gjort det i fleire arrangement i Valle kommune, og Bykle kommune legg opp til eit tilsvarande arrangement neste laurdag i Hovden grendehus.

Vi som arbeider med folk frå andre land som er komne til Norge anten som arbeidsinnvandrarar eller som flyktningar og fått arbeid og bustad her, ser kanskje litt annleis på det enn folk som ikkje er så tett innpå dei til vanleg. I samband med slike arrangement har vi fleire gonger fått spørsmål om det er råd å motivere til at våre elevar i Valle Vaksenopplæring kan vere med på slike tilstellingar.

Etter kvart har vi gjort oss den erfaring at dei ikkje er så interesserte i det. Vi opplever at dei er meir opptekne av å gli inn i samfunnet så stille som råd enn av å syne skilnader som måtte vere. Etter kvart har vi begynt å seie det til dei som spør. Vi opplever at det kulturelle mangfaldet fort vert eit utstillingsvindu for dei og oss og ikkje eit levande fellesskap. Då er det ikkje råd å leve opp til intensjonen med tiltaket.

Vi ser jo at folketalet i kommunen etter kvart har fått innvandrarar. I Norge er talet på innvandrarar nesten 9 prosent, og det kryp oppover i Valle også. Vi har folk med svensk og dansk, finsk, nederlandsk, tysk, polsk og bulgarsk bakgrunn, for å nemne nokre av dei europeiske landa som er representerte i Valle kommune. Flyktningar frå Afghanistan, Iran, Tsjetsjenia og Burma bur og i kommunen, og vi ventar to familiar på til saman 14 frå Burma seinare i haust.

Etter kvart som dei lærer språk, går dei inn i ulike jobbar i kommunen. På den måten etablerer dei mangfald. Etter kvart går folk som åt ris fleire gonger om dagen over til brød og norske mattradisjonar, sjølv om dei vel ikkje lagar Setesdalssuppe enno. Her ein dag prata eg med ei i samband med at ho kjøpte bakverk i butikken. I hennar samanheng var kakebakst ikkje ein del av husmoropplæringa, så ho hadde ennå ikkje prøvd seg på det, sjølv om ho kunne ha god lyst.

Kor vil eg av med desse tankane. Bare minne om at dei har lyst til å lære noko av vår kultur og tradisjon, kanskje minst like mykje lyst som dei har til å syne fram eigne mattradisjonar i mange høve. Og truleg er det først når dei har blitt med i kulturelle aktivitetar som innbyggjarar i Valle og blitt kjende med korleis vi gjer ting at slike mattradisjonsarrangement kan lukkast, då opplever ein ikkje i så stor grad at ein har ein sær tradisjon, men meir at vi alle har sære tradisjonar i hopetal. Det må kome innanfrå, frå samhandling på like villkår som kan skape tillit og læring begge vegar. Så kan ein syne skilnad og spesielle kulturelle særtrekk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *