Oktober

Share

Så er det blitt oktober, og sjølv om haustferien på skulen ennå held fram, er det slutt på haustferien på bloggen. Eg har unna meg nokre dagar utan å skrive blogg denne første delen av haustferien, men no får ein starte for fullt att.

Samstundes har eg gått og tenkt litt på bloggen og funne ut at eg vil skrive om litt fleire emne enn det eg tidlegare har hatt som rettesnor. Denne bloggen har frå eg starta å skrive, vore knytt til Valle Radio. Men då eg starta, hadde eg ikkje oppdaga wikipedia på internett. Sidan har de jo sett at dei fleste artiklane eg skriv, gjerne får ei lenke til wikipedia når det høver slik. Difor har eg tenkt å utvide interesseområdet for bloggen litt, no vil eg og skrive om wikipedia når det høver slik.

Fyrste laurdagen i oktober er det sauesjå i Valle. Det er og starten på kulturveka, ei veke med eit omfattande innhald der mange aktørar skal i elden. Torunn Charlotte Lund var i radioen hos meg og fortalde om opplegget midt i september, og fredagskvelden står Torleiv Jore til rådvelde for Øyvind Jacob si sending i Valle Radio til å fortelje om sauesjået til heile dalen. Sendinga den kvelden er til heile dalen, og Britta Lise skal vere vert i Open sending frå klokka 21.

Fredagskvelden er det og opning av kulturveka. Det skjer i Spelestoga klokka, der Øystein Kikut skal halde ein konsert med tittelen Play, piano, play. Der vil han servere musikk frå amerikansk underhaldningsmusikk frå 1850 til 1980. På dette arrangementet vert Kulturveka 2008 opna av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, og så går det slag i slag med eit utvida kulturomgrep sine mange arrangement. Alt fredagskvelden er det eit nytt arrangement, den årvisse Sauedansen på Valle Motell.

Eg kjem attende til kulturveka 2008

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *