Open sending

Share

I kveld fekk eg vere telefonvakt på Open sending. 84 telefonar på 9 rebusar var så langt eg kan sjå ein av dei kveldane i haust med flest telefonar. Det var 50 meir enn sist gong då eg hadde var i studio under Open sending.

Anna Rysstad og Rolf Erik Homme hadde eit triveleg program der dei delte ut lykter til alle som hadde ei soge å fortelje, og det hadde dei fleste. Unge og eldre løyste rebusar og ringte inn svar, i det sure og kalde veret ute var det triveleg tidtrøyte. Rebusane var frå Setesdølen sitt siste nummer, og dermed gjekk ein gjennom aktuelle saker ein gong.

Open sending er eit program der ein kan ha kontakt med lyttarar. Som oftast kjem det og fram eit og anna folk ikkje visste frå før. Sjølv folk som har kjent kvarandre det meste av livet hugsa ikkje at Berit Homme hadde hatt sommarjobb på Norheim kafe, noko ho fortalde då ho kom inn etter at den plata av Åsmund Åmli var blitt spelt. Dei som ynskte å høyre den, køyrde over Suleskarvegen og klaga over mykje snø på vegen, så fekk lyttarane vite det og.

Apropos køyring, eg hadde ein prat med Jan Olsen, som var på veg frå Arendal til Bygland med eit lass syklar han hadde samla inn der nede i dag, det er syklar til Cuba, og han skal pakke to containarar og sende om eit par veker. Men eg måtte vente ganske lenge før dekninga på mobilen vart så god at vi kunne prate saman. Eg hadde jo trudd at det var full dekning langs ein slik veg, den er jo ikkje ein heieveg utan trafikk.

Når vi har Open sending, treng vi gode medhjelparar. I kveld var eg telefonvakt saman med Jorunn Lund Harstad, som er ein trugen medarbeidar i radioen. Ho har anten vore i studio eller bak kulissane i alle sendingane våre i oktober.

Vi prøver å unngå at same personen kjem inn i studio fleire gonger. Dette fordi det blir betre radio når ein kan snakke med fleire folk. Men det er vanskeleg å unngå det, og til tross for at vi hadde så mange som ringde, kom same person inn tre gonger. Ho nytta hustelefon og to mobiltelefonar, så når ho hadde kome gjennom på den eine, la ho vekk den og brukte ein annan. Det må vi vel helst leve med, men det er ei utfordring for programleiarane å snakke med den same personenen tre gonger. Rolf og Anna løyste det med glans, og i morgon kan premiane hentast på Statoil Rysstad for dei som bur i Hylestad og på Esso i Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *