Program

Share

Tirsdag 21. oktober

Ansvarlig: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Marit Krokeide Alnes
18:30 Møteplassen
19:00 Flekkerøya Sangkamerater
20:00 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 22. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torleiv Soltun
Telefon: Anna Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Gjester og musikk
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Det syner seg at det var ein feil i lista eg fekk oversendt frå kommunen i sommar om datoar for kommunestyremøte, for det er ikkje kommunestyremøte denne veka, det vert som vanleg siste onsdagen i oktober. Det betyr at vi må prøve å få til ei vanleg sending onsdagen i denne veka, og Bjørgulv, som skulle hatt sending neste veke, er i Madrid denne veka. Så korleis opplegget vert, er det ikkje lett å seie.

Du får skru på radioen onsdag og sjå kva som hender. Tysdagssendinga går som normalt.

Flekkerøy Sangkamerater

Share

Tirsdag vil eg presentere ei ny plate av Flekkerøy Sangkamerater i Valle Radio. Den heiter Så mange grunner til å elske Jesus og er nummer 3 i ein serie dei har kalla På veien for Jesus. Plata er heilt ny og har desse songane:

Så mange grunner
Hvem er jeg
Når jeg kommer til Himlen
Det største under
Min forløser
Om jeg kunne beskrive hva Himmelen er
Da Jesus kom til jord
Jeg er uverdig
Golgataveien
Alle kjære jeg har
Fem små minutter
Hva Jesus gjorde
Frykter du min venn
Toner fra hjemlandet

Nesten alle songane på plata er av Trygve Bratland, den eine av dei som spelar trekkspel i koret. I tillegg til trekkspel nyttar dei gitar og bass som standard.

Flekkerøy Sangkamerater har medlemmer frå Flekkerøy og Vågsbygd og øver på Kjos Bedehus i Vågsbygd. Dei er ute på ei rekke songturnear og var med på å etablere Evangeliske sanger i sør.

Du finn koret omtala på wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Flekker%C3%B8y_Sangkamerater som og har lenke til artikkel om plata.

Annemor Sundbø vaskar fillehaugen

Share

Onsdagskvelden hadde eg med Annemor Sundbø i Valle Radio frå klokka 20:30 til 21:00. Ho var på spitekafé på Husfliden i Valle og eg nytta høvet til å invitere henne i radioen. Det er alltid lett å prate med henne. Denne kvelden hadde ho med seg estiske Tuulip Tobin som har eit tre månaders prosjekt med å gå gjennom det store teppet Annemor har med strikkeplagg. Det er stilt ut i Storstoga på Ose, og ein kan avtale tid for å kome inn og sjå på det.

Annemor fortalde at det var 15 år sidan det hadde blitt vaska og stelt, og det hadde vore på mange utstillingar rundt om, blant anna rundt i Danmark. Ho var redd for at det skulle gå møll i ulla. Til no hadde ho unngått det, men vask, stryking og frysing i fryseboks skulle ta knekken på eventuelle larver.

Det er ein levande strikketradisjon i Estland, og Tuulip Tobin hadde fortald om den på spitekafeen og synt bilete med mønster og teknikkar til folka på Husfliden. Ho har studert folkekunst både i heimlandet og på Rauland, så ho var svært interessert i temaet. Ho skulle vere på Ose tre veker til, så var prosjektet slutt.

Annemor fortalde at ho no hadde selt Torridal Tweed-bygningen på Strai i Kristiansand. Det var den fillehaugen der som vart grunnlaget for bøker og foredrag og det ho held på med, men det gjekk fleire år før ho eigentleg såg kva det var ho hadde i haugen og kunne begynne å ta vare på det som var verdfullt. Av mange tonn, 16 trur eg ho sa, hadde ho no eit tonn i utstillinga si. Resten var kjørt på dynga, ho hadde betalt for å bli kvitt det.

Annemor Sundbø er snart ferdig med ei ny bok, men ho reknar ikkje med at den kjem før til neste år. Den handlar om strikka klede i biletkunsten. Men det er eit strevsamt arbeid med korrektur og å finne bilete og få det heile pusla saman, så ting tek tid.

http://no.wikipedia.org/wiki/Annemor_Sundb%C3%B8

Elver i Asia

Share

Dette var tema på Open sending onsdag 15. oktober. 9 rebusar, ikkje så veldig mange telefonar, men nok til at ulike innringarar kom inn i studio, bare ein kom to gonger. Men tema var ikkje så lett, så dei som hadde høve til å ha kart eller leksikon eller wikipedia med seg, kunne jo klare det ganske lett, men å løyse rebusar når ein ikkje kjenner namnet på det ein skal fram til, er ikkje alltid så lett. Her er elvene:

http://no.wikipedia.org/wiki/Eufrat
http://no.wikipedia.org/wiki/Indus
http://no.wikipedia.org/wiki/Jordan_(elv)
http://no.wikipedia.org/wiki/Ganges
http://no.wikipedia.org/wiki/Mekong
http://no.wikipedia.org/wiki/Salween
http://no.wikipedia.org/wiki/Irrawaddy
http://no.wikipedia.org/wiki/Tigris
http://no.wikipedia.org/wiki/Amur

Eg hadde med meg Mona Kile i studio. Ho er frå Risdal og arbeider i utviklingsavdelinga i Valle kommune. Vi snakka med Ingebjørg Vegestog Homme, Åsmund Rygnestad, Tora Lund, Torill Lunden, Jorunn Bø Andersen, Gunnar Bø Heddeland, Tor Haugum og Else Røsstad, og alle fekk premiar. Til slutt trekte vi ut Valle Radio sitt krus, det fekk Torleiv Harstad.

Det er alltid hyggeleg med respons, og eg fekk ein epost i dag som fortalde at det var fleire enn desse som hadde høyrt på oss. Britta Lise fortalde at ho hadde blitt inspirert til å skrive om Flotmylje på wikipedia då ho høyrde kor eg hadde funne rebusorda mine. Men då ho kom til artikkelen i dag, var han sletta. Her er det ho skreiv:

Tok oppfordringa di med å skrive litt på Wikipedia…
Men vart skuffa idag då eg skulle fortsette,
for etter det eg kan skjøne er artikkelen min om FLOTMYLJE sletta.
Lurer på kvifor… Har du svar?

Er jo lite inspirerande å skrive noko dersom det bare blir sletta 🙁

No er eg så heldig at eg har høve til å sjå litt meir enn ein vanleg brukar på wikipedia, så eg fann ut av det, og no ligg artikkelen der: http://no.wikipedia.org/wiki/Flotmylje

Om du veit meir om Flotmylje, kan vi utvide artikkelen etter kvart. Takk til Britta Lise for artikkelen, eg trur det er den fyrste artikkelen om Setesdalsmat på wikipedia.

Endå ein onsdag

Share

Det verkar som om onsdagane kjem tettare no, ikkje før var sist onsdag unnagjort, så var det sanneleg ein ny onsdag att. Programmet i kveld var det vanskeleg å få på plass, men 17:55 var det i boks med fyrst ein telefonprat med Bjørgulv T. Berg om vegvedlikehald før vinteren set inn, så ein lang studioprat med Ørnulf Hasla om turen til Norsk Høstfest. http://www.hostfest.com/ Det var interessant å få ein fersk rapport. Til slutt i den aktuelle timen hadde eg ein prat med leiaren i Folkeakademiet i Bykle om Mangfaldsfesten dei skal arrangere laurdag. Dei tek sikte på mat og folkedrakter frå mange land.

Valle skule hadde ansvaret for Kommunen informerer, men dei strevde litt med å få det til. Torsdag skal mange lærarar på leseopplæringskurs, no har ein lesing i alle fag som satsing i skulen. Og rektor Frøydis Unneland skulle til Arendal på landsmøte for rådgjevarar, noko som ho hadde bunde seg til å vere med på lenge før ho vart rektor. Men eg nådde henne på telefonen i bilen, då var ho komen til Skomedal, og ho fortalde levande og interessant om aktuelle saker. Fredag er det Sørlandske Lærarstemne, så lærarane har planleggingsdag i samband med denne dagen, og elevane har fri.

Når ein har ansvaret for vakt på riksveg 9 er det vanskeleg å stille med Tankar frå Bibelen i Valle Radio utan å planlegge på litt sikt, så Bjørgulv T. Berg kunne ikkje kome og ha andakt denne kvelden, men Irene Krokeide Alnes sitt program i serien Over ein open Bibel gjorde nytte for seg. Resten av den tilmålte tida song DeKor, ei gruppe frå Kristiansand under leiing av Bjarne Stølen.

Hans Inge Fagervik

Share

Då eg i dag var innom Joker i Valle, møtte eg Arne Bakke som tipsa meg om at Hans Inge Fagervik skulle kome til Valle skule denne veka. I sendinga tysdag kveld tok eg ein telefon til Hans Inge for å høyre litt om kva han skulle gjere.
http://www.hansingefagervik.com/default.aspx?menu_id=3&item_id=5

Det synte seg at det er tale om ein to timars konsert med foredrag om problem som born og unge har i samband med rus. Det er tale om 9 skulebesøk i Aust-Agder og tilsvarande i Vest-Agder i samband med TV-aksjonen 2008, som går til Blå Kors. Hans Inge har vore engasjert i dette i mange år, på ulike måtar. Han fortalde at han fekk mange brev frå folk som levde med slike problem, ettersom han tek det opp i songar og innlegg. Vi hugsar songen Farvel, Marita, som han skreiv for mange år sidan om ei jente som døydde som rusmisbrukar. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Maritastiftelsen som har om lag 30 tilsette medarbeidarar i Oslo, og om lag 100 frivillige som er med i arbeidet.

I annonsane før aksjonen er det bilete av ei jente. Så kjem spørsmålet: Korlei forklare at du ikkje har med skolemat i dag heller fordi ingen heime passar på å kjøpe inn brød. Les mer på http://www.nrk.no/tvaksjonen/ som har mange fine artikler om saken.

I programmet fekk du og høyre Mediekommentaren Det hemmelige landet, som du og kan lese her http://www.fom.no/sider/tekst.asp?side=4068 Det var Bjørn Olav Hammerstad som hadde den kommentaren, og den tok opp problemet med at journalistane ikkje tek inn over seg Norges største helseproblem, truleg er ein kvart million barn og unge berørt av at foreldre har eit alkoholproblem, eller at dei festar i helgene slik at borna vert redde.

Hans Inge fortalde om ei jente som kvar kveld som foreldrene hadde fest, reagerte på at pappa snakka så høgt, som om han var sint. Og så hadde han gevær i huset, tenk om han vil skyte. Difor låg ho med vindushaspene av i andre etasje for å kunne hoppe ut om han kom med våpen. Slikt skaper angst hjå barn, og det var ein psykolog som hadde fortalt om det til Hans Inge.

Bare 10 minutt, men interessant og gjevande å høyre på.

Program i veke 42, 2008

Share

Tysdag 14. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen
19:00 Salmer og sanger
20:00 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv i Norge
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer: Valle skule
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Musikk og/eller gjester
21:00 Open sending

Veronika Akselsen

Share

Songaren som i kveld avsluttar Kulturveka 2008 er sjølvlært som songar. http://no.wikipedia.org/wiki/Veronika_Akselsen Ho bur på Skarnes http://no.wikipedia.org/wiki/Skarnes Der bur far hennar, Elias Akselsen og. Mange vil hugse han frå konserten i Broderheimen under Kulturveka 2006.

Veronika er vaksen opp i pinsevenn-miljø. Ho har sangglede med seg frå familien og pinsevenner. Sist onsdag spelte vi i Valle Radio frå plata hennar Fattige var de som først fikk se, som kom ut til jol i 2004. Ho fortel sjølv til NRK at ho som lita øvde på å halde lange tonar til ho vart heilt blå i fjeset. Det gav sterke lunger, ein gong då ho på skulen heime skulle syngje ein song av Celine Dion http://no.wikipedia.org/wiki/Celine_Dion sprengde ho lydanlegget på skulen.

Her er lenke til ei heimeside som ikkje er særleg oppdatert, men du kan nok finne noko interessant om du leitar litt rundt på den. http://www.veronica-akselsen.com/index_files/forside.htm Ho har vore med i Melodi Grand Prix to gonger, men ikkje nådd heilt til topps.

Her er eit intervju med henne i Aftenposten http://www.veronica-akselsen.com/index_files/forside.htm

Når du les dette, har du anten vore på konserten, eller gått glipp av den. I det siste tilfellet er du i same situasjon som eg og får sjå fram til neste gong ho er på dine trakter.

Kulturveka går mot slutten – kulturelt mangfald

Share

I går var det orgelkonsert ved Martin Pearson, men den hadde eg ikkje høve til å gå på sjølv, så eg veit ikkje kor mange som kom til Valle kyrkje for å høyre han spele. I dag var det markering av Mangfaldsåret 2008 i Hylestad soknehus. Sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/aktuelt/nyheter/2006/Mangfoldsar-i-2008.html?id=100064

Det er fort gjort å markere kulturelt mangfald med å invitere folk til å gå i folkedrakter og kome med matoppskrifter frå heimlandet. Vi har gjort det i fleire arrangement i Valle kommune, og Bykle kommune legg opp til eit tilsvarande arrangement neste laurdag i Hovden grendehus.

Vi som arbeider med folk frå andre land som er komne til Norge anten som arbeidsinnvandrarar eller som flyktningar og fått arbeid og bustad her, ser kanskje litt annleis på det enn folk som ikkje er så tett innpå dei til vanleg. I samband med slike arrangement har vi fleire gonger fått spørsmål om det er råd å motivere til at våre elevar i Valle Vaksenopplæring kan vere med på slike tilstellingar.

Etter kvart har vi gjort oss den erfaring at dei ikkje er så interesserte i det. Vi opplever at dei er meir opptekne av å gli inn i samfunnet så stille som råd enn av å syne skilnader som måtte vere. Etter kvart har vi begynt å seie det til dei som spør. Vi opplever at det kulturelle mangfaldet fort vert eit utstillingsvindu for dei og oss og ikkje eit levande fellesskap. Då er det ikkje råd å leve opp til intensjonen med tiltaket.

Vi ser jo at folketalet i kommunen etter kvart har fått innvandrarar. I Norge er talet på innvandrarar nesten 9 prosent, og det kryp oppover i Valle også. Vi har folk med svensk og dansk, finsk, nederlandsk, tysk, polsk og bulgarsk bakgrunn, for å nemne nokre av dei europeiske landa som er representerte i Valle kommune. Flyktningar frå Afghanistan, Iran, Tsjetsjenia og Burma bur og i kommunen, og vi ventar to familiar på til saman 14 frå Burma seinare i haust.

Etter kvart som dei lærer språk, går dei inn i ulike jobbar i kommunen. På den måten etablerer dei mangfald. Etter kvart går folk som åt ris fleire gonger om dagen over til brød og norske mattradisjonar, sjølv om dei vel ikkje lagar Setesdalssuppe enno. Her ein dag prata eg med ei i samband med at ho kjøpte bakverk i butikken. I hennar samanheng var kakebakst ikkje ein del av husmoropplæringa, så ho hadde ennå ikkje prøvd seg på det, sjølv om ho kunne ha god lyst.

Kor vil eg av med desse tankane. Bare minne om at dei har lyst til å lære noko av vår kultur og tradisjon, kanskje minst like mykje lyst som dei har til å syne fram eigne mattradisjonar i mange høve. Og truleg er det først når dei har blitt med i kulturelle aktivitetar som innbyggjarar i Valle og blitt kjende med korleis vi gjer ting at slike mattradisjonsarrangement kan lukkast, då opplever ein ikkje i så stor grad at ein har ein sær tradisjon, men meir at vi alle har sære tradisjonar i hopetal. Det må kome innanfrå, frå samhandling på like villkår som kan skape tillit og læring begge vegar. Så kan ein syne skilnad og spesielle kulturelle særtrekk.

Eventyr i skogen

Share

I den aktuelle timen onsdag fortalde Malmfrid Nyborg Homme om Valle Bygdekvinnelag sitt arrangement der medlemmene skulle spele ulike folkeeventyr i skogen på vegen frå Preststøyl ovanom Leite til Joresåne. Arrangementet gjekk av stabelen i går kveld, og dei var i alle fall heldige med veret. Sjeldan fin haustdag 9. oktober i år.

Det synte seg at dei og var heldige med oppslutninga. Eg snakka med ho som spelte Reveenka, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Reveenka og ho meinte det kanskje var så mange som opp mot 100 som tok turen i det fine veret. Lisbeth på biblioteket, som hadde øvd inn fire eventyr til arrangementet, tok ikkje så hardt i, men ho meinte det kanskje hadde vore opp mot 70. Diverre hadde ingen av skodespelarane kome på å telje, så dei måtte gå gjennom deltakarane og telje i ettertid. Men Dei tre bukkene Bruse, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/De_tre_bukkene_Bruse som kom attende frå setra og gjekk på brua over Joresåne, dei er no vel heime att etter ein lang sommar på fjellet.

Sjølv hadde eg ikkje planar om å gå den turen. Etter å ha hatt sending både tysdag og onsdag, gledde eg meg til ein roleg torsdag, og om det høvde slik, ville eg heller ta turen til Brokke grendehus og høyre Sigurd og Daniel spele og fortelje om spelemenn frå Garo. No høvde det ikkje slik, for eg vart sitjande på biblioteket i staden for Lisbeth, ettersom den som skulle hatt vakt der, vart sjuk. Det er greitt å kunne gjere ein innsats for kulturen i Valle, det kan skje på mange måtar. Etter eit kort innføringskurs i å bruke MicroMarc utlånsystem, tenkte eg at lukka står den kjekke bi og sette meg bak skranken på biblioteket og helste Lisbeth lukke til med eventyrforteljinga.

Eg sat i grunnen der og tenkte at den som kom på biblioteket i dette fine veret, måtte vere ganske sugen etter lesestoff. Det synte seg at eg fekk rett, det var ikkje mange som var innom, så sjølv om datasystemet ikkje var heilt vennleg og eg difor ikkje klarte å bruke den nyerverva kunnskapen, vart det ikkje mykje for Lisbeth å ta att då ho kom på jobb i dag.

Ei av bøkene som var levert inn, var Ken Follet: I all evighet http://no.wikipedia.org/wiki/Ken_Follett og eg stod på venteliste til å få den. Så eg tenkjer eg avsluttar her og ser om eg får lest litt av den mursteinen på over tusen sider før natta ror sin lette båt, som Sondre Bratland syng det så fint på plata Kvilestein. http://no.wikipedia.org/wiki/Sondre_Bratland