Sauesjåprogrammet

Share

Programmet for sauesjåsendinga i kveld er slik:
Ansvarleg:Øyvind Jacob
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Gudrun Nomeland og Berit Homme

18:00 Aktuell time med gjester i studio
19:00 Kommunen informerer ved BEA
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Gladmusikk
21:00 Open sending ved Britta Lise Homme

Sjølv er eg i Mandal denne helga og får ikkje høyre sendinga, men eg fekk ein epost frå Britta Lise som var innom for å teste at utstyret fungerte. Ho fortalde at det skletta og var lite triveleg ver, noko som jo ikkje er så uvanleg på sauesjået. Desto meir får dei vel seld av suppe og eplekaker i Menighetshuset på basaren til Bygdekvinnelaget.

Programmet for sauesjådagen er rikhaldig og startar klokka ni med vurdering og kåring av verlam. Dette vil jo gå føre seg heile dagen. Klokka 10 opnar ordføraren arrangementet, og 10:15 er det Sentrumsvandring ved Setesdalsmuseet. Klokka 11 er det demonstrasjon av korleis ein vurderer verlam, og 11.30 er det gjetarhundoppvisning ved gjetarhundinstruktørar frå Telemark. Klokka 12:00 startar barneaktivitetane ved Erla 4H, og kvarteret etter er det ny sentrumsvandring.

13:00 er det oppvisning i agility (hinderløp for hundar). Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Agility for meir informasjon om dette. Det er Rolf Moseid, som er Noregsmeister i agility som skal ha dette programmet. Klokka 14 er det konsert i Valle kyrkje, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Valle_kyrkje ved Kingelvev, folkemusikkgruppa med Kim André Rysstad sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kim_Andr%C3%A9_Rysstad saman med Jon Ole Morken frå Røros og Lajla Buer Storli frå Lofthus skal spele. Dei spelte og på Setesdalskappleiken i august og fekk svært stor respons. Plata til Kim Andé har fått svært gode kritikkar, http://no.wikipedia.org/wiki/Tak_hardt_uti_hand her er det meir om den.

Så rundast Sauesjådagen av klokka 15 med premieutdeling til vinnarane av fotokonkurranse, den som tippa vekt på verlam og premie for beste verlam, som så skal auksjonerast. Klokka 17 er det trekking i basaren på Menighetshuset, og så er ein rikhaldig dag over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *