Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder.

Share

I går var Leonhard B. Jansen i studio i Valle for å fortelje om boka han har laga med tittelen som er overskrift på bloggen i dag. På førehand sende han meg ei lita pressemelding om dette. Dermed brukar han Valle Radio slik vi ønskjer at det skal vere: At folk som har noko på hjarta, tek kontakt for å fortelje om det til sambygdingar øvst i Setesdal. Her er brevet eg fekk:

Har laga ei lita bok på oppdrag for Agder Historielag med tradisjonsstoff frå Agder av Jon Løyland.

Jon Løyland (1887-1975) var setesdøl, men like mykje egd. Gjennom eit langt liv som skulelærar, hadde han virket sitt mange stader på Agder. Kvar han kom hadde han med seg ei notisbok der han noterte flittig det folk hadde å fortelje. Dette samla han til eit manus som det var meininga at han ein gong skulle gjeve ut. Han såg vel eigentleg føre seg eit slags framhald av Johannes Skar, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Skar sitt storverk ”Gamalt or Sætesdal”. Dette vart det aldri noko av. I staden brukte han materialet i mange ulike samanhengar, i aviser og tidsskrift, og ikkje minst i Agder historielag sitt årsskrift der han var ein nær sagt årviss bidragsytar.

Stoffet er av mange slag og har opphavet sitt ei rekkje stader på Agder. Hovuddtyngda er Setesdal og bygdene lengst vest i Aust- Agder, men ikkje så reint lite Vest-Agder stoff er også samla inn. For nokre år sidan tok Agder Historielag fatt i manus, og bad historikaren Leonhard Jansen bearbeide materialet til ei bok.

Det er dette stoffet som no vert presentert som ei rikt illustrert bok, mellom annan med mange foto som Jon Løyland sjølv tok. Han dreiv i mange år som fotograf på fritida, og produserte postkort for sal. Boka har fått tittelen, ”Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder.”

Jon Løyland skal også hugsast for sitt mangeårige virke for det lokalhistoriske arbeidet på Agder. Han sat som styremedlem i Agder Historielag frå oppstarten i 1914 samanhangande fram til 1964. 13 av desse 50 åra som styreleiar. Samstundes var han og styreleiar i Setesdalsmuseet, og var med og lag grunnlaget for og bygde opp dette i åra frå oppstarten i 1938. Også det vervet sa han frå seg i 1964, 77 år gamal. I samband med dette vart han tildelt HM Kongen si fortenestemedalje i sylv.

Boka vert presentert på Revsnes Turisthotell på Byglandsfjord onsdag 15. oktober 15.00.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *