Syklar til Cuba

Share

No er Jan Olsen i full gang med å samle inn syklar til Cuba att. I begynnelsen på november går turen til Cuba, då skal to kontainarar vere fullpakka med syklar og datamaskinar og mykje anna som kan brukast til jolegåver.

Om dette fortalde han levande onsdagskvelden då han endeleg fann ein plass på vegen mellom Arendal og Evje der han hadde så god dekning at han kunne stoppe og slå av ein mobiltelefonprat med Valle Radio. Midt i intervjuet kom Jakob Saaghus forbi. Han var på veg heim frå Oslo og såg at Jan stod der, så han måtte høyre om det var noko gale.

Det såg lenge ut til at sykkelprosjektet skulle måtte slutte av etter åtte år og om lag 4000 syklar til dei fattigaste av dei fattige. Jan har kravd å sjølv få vere med og dele ut syklane, ta bilete og formidle kontakt mellom gjevar og mottakar. Men siste året skar det seg, styresmaktene ville ikkje late han halde på, og dei syklane han hadde med seg nedover, vart beslaglagde. Jan skriv i Setesdølen at dei såkalla sosialistane både laug og stal og i år sa folka i provinsen dei pleier å vere i at dei kunne få setje frå seg kontainarar der, men så skulle dei syte for utdelinga. Jan meinte at det ville vere den siste olje for prosjektet, noko slikt kunne han ikkje gå med på.

Men så, for knapt eit par veker sidan fekk han melding frå kyrkjestyresmaktene på Cuba om at kyrkjelyden i Puerto Esperanza i Pinar del Rio-provinsen gjerne ville ta imot syklane på Jan sin måte. Dette området var sterkt råka av orkanen Ike, så no pakkar Jan for harde livet.

I radioen sa han at han gjerne tok imot syklar, men han kunne ikkje hente dei. Han vona og at han skal få byggje eit orkansikkert hus for ein fattig familie. Og så er han spent på kva kyrkja kan gjere som sosialistane ikkje får til.

Syklar kan ein merke med Jan Olsen Cubaprosjekt eller noko liknande og setje ned på Shellstasjonen på Bygland, så får dei plass i ein av dei to kontainarane som no pakkast. Her er bloggen til aksjonen: http://blog.syklertilcuba.org/

Og her er heimeside med kontonummer om du vil støtte prosjektet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *