Adolf Bjerkreim

Share

I kåseriet mitt tysdagskvelden fortalde eg om Adolf Bjerkreim, som eg har skrive ein artikkel om på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Adolf_Bjerkreim som er basert på artikkelen på nynorsk, og frå lenke i venstremargen kan du lese den.

Det eg fortalde om i radioen, var mitt minne om denne predikanten, som var talar på Skolelaget då eg gjekk i første eller andre klasse på realskulen, eg hugsar ikkje heilt. Han samla svært mykje folk og talte i to timar, så vi måtte gå før møtet var slutt for å rekke bussen heim, noko som var svært uvanleg for lagsmøta.

Bjerkreim stod i store vekkingar, mellom anna på Karmøy, der han slo seg ned og fekk heimen sin etter at han hadde gifta seg med ei jente derifrå. Framleis er det fleire bedehus som har maleri etter han der på øya.

I vår tid er han mest kjent som forfattar av ei rekke oppbyggelege bøker. Spørsmål og Svar er basert på ei spalte han hadde i Evangelisten i nærare 40 år. Dei er samla i tre bøker. Elles har han gjeve ut bøker basert på Hebrearbrevet og Efeserbrevet og fleire andre i same sjanger.

Vi tenkjer nok ikkje så ofte på det, men han har ein sang i Sangboken, det er Tak meg min Jesus åleine med deg, som han skreiv for 100 år sidan, i 1908, Den avslutta eg sendinga med den tysdagskvelden, Odd Dubland og dottera Oddrun har sunge den inn på ei av platene sine.

Den kan syngjast på fleire melodiar, både Hitinntil Herren har hjulpet så vel og på melodien Hadde jeg vinger.

Tak meg min Jesus åleine med deg
Bort ifrå verda sin larm.
Tal ved den Heilage Ande til meg,
Legg meg så stilt ved din barm.
Løys du dei band som til verda meg bind
og gjev meg meir av ditt heilage sinn.
Haldt du meg alltid i kjærleiken varm,
ber meg så trygt på din arm.

Jesus du veit eg er ung, eg er veik,
vara meg ikkje eg kan.
Mange er dei som i livet deg sveik,
trør no på blodet som rann.
Difor min Jesus, du vara meg må
så inn ved korset eg alltid må stå.
Lat meg få sjå på ditt storfelde verk,
derved eg alltid vert sterk.

Hjelp meg å leva i tru på ditt ord,
hald du meg vakande her.
Jesus, du veit det er mykje på jord
som til meg smiler og ler.
Å, lat det aldri få makt over meg
så det kan draga meg bort ifrå deg.
Syn meg din himmel og vis meg min krans –
vera då tapar sin glans.

Lei meg så stundom i tankane heim,
så eg forstår eg er rik.
Lat meg få sjå inn i gleda til deim
som alt har vorte deg lik.
Lyft meg på englar si vengja mot sky,
løyn meg i storm ved di bringa i ly.
Så vil eg lengtande gå på min veg,
venta på heimlov frå deg.