Sendinga avlyst

Share

I kveld måtte eg avlyse sendinga. Det synte seg at P4 har vore nede sidan sundag, og P4 sender på Bykle Radio/ Valle Radio sine sendarar når vi ikkje har sending.

Eg prøvde å få tak i Reidar Trydal, som er den vi skal kontakte når det er noko galt i Bykle. Men han var bortreist og kunne ikkje hjelpe, det same var Ole Morten Egeland, som eg ikkje fekk tak i, men som eg fekk vite var borte. Også Olav Mandt, som vi har hatt mest å gjere med i styret, var bortreist, og vår redaktør Bjarne Tveiten hadde ikkje noko peiling på slike tekniske saker.

Det enda difor med at eg måtte ringe Niklos K. Besteland og seie at han ikkje trong å ta bussen frå Besteland til Valle for å lage Postludium i kveld. Når ein ikkje kjem på lufta, er det liten grunn til å lage sendinga, det er ikkje internettradio vi driv.

Det er jo litt dumt at ein skal vere avhengig av Bykle Radio, men dei har sendarane som vår sending går ut frå, så sjølv om dei ikkje er aktive no, må vi gå gjennom deira tekniske system for å få våre sendingar på lufta. Og har det vore straumstans og dei må inn og resetje systemet, så må vi ofte ringe dei og seie frå at no er P4 nede. Det er nokre som tek kontakt og lurer på kva som feilar Valle Radio når dei ikkje får inn P4. Men det er nok hos Bykle feilen ligg då, så å ringe til meg eller ein annan her i Valle er bare å gå ein omveg, for ein må fysisk inn i teknikken i Bykle for å få sendinga opp att.

Så då blei det ikkje noko program i kveld, men to innlegg på bloggen, det fekk du.

Valle Radio i Spania – med orgelprogram

Share

Eg fekk ein e-post frå Jarle Fagerheim frå Klepp, han meinte at eg ville ha glede av ei lenke han sende meg. Den handla om Weekly Theatre Organ Radio Show From Spain, så eg vart litt nysgjerrig. Eg kan jo dele det med dykk: http://atos.org/web-journal/

Her fortel Steve Ashley om eit teaterorgelprogram han har kvar veke i Valle Radio i Albox i Spania. Det var ikkje noko om Albox på norsk wp, så du får klare deg med den engelske inntil vidare: http://en.wikipedia.org/wiki/Albox Under kartet finn du ei lenke med geografiske koordinatar, og då kan du gå på google map og sjå at det ligg mellom Granada og Cartagena, om lag 200 km sørvest for Benidorm.

Han fortel at han starta i mars 2007 som eit halvtimes program i tillegg til eit to timars program med eldre musikk som vart kalla Those Dancing Years. Orgelprogrammet kalla dei Pipes and Paella, det var svært lokalt lagt opp, og sjølv om det var smalt, likte sjefen for radioen programmet.

No i mai 2008 vart programmet utvida til ein time, det fekk nytt namn, Hot Pipes! og fekk eit internasjonalt perspektiv og retta seg mot dei som likar teaterorgel. Tall over lyttarar har stige sidan det nye konseptet kom på plass 28. mai. -Når eg får tak i CD-ar, fortel eg om dei og anmelder dei, eg gir også informasjon om konsertar og andre hendingar. I tillegg spelar eg frå platesamlinga mi.

Ein kan høyre programmet frå www.musicnostalgia.com. Han spelar også etter oppfordring og med helsingar, det er bare å ta kontakt, skreiv
Steve Ashley, Producer and Host (August 27, 2008)

Takk til Jarle for ei artig tilbakemelding.