Utsiktspunkt

Share

Når vi køyrer til Kristiansand og har passert Hægeland, kjem vi til ein sideveg som går til Bringsvær Leirskole. Det er Kristiansand kommune som driv leirskole på garden Røyneland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8yneland Fjellmannsvegen går gjennom tunet på leirskulen, rart å tenkje på at setesdølar på 1700-talet gjekk der når dei skulle til Kristiansand.

No har eg køyrt forbi det vegkrysset på Riksveg 9 i mange år, men aldri brydd meg om å finne ut noko meir, sjølv om eg etter at eg fekk GPS i bilen har blitt flinkare til å ta avstikkarar på småvegar. Men det er helst vegar der ein slepp å snu og køyre tilbake same vegen. Vegen opp til Røyneland og Bringsvær Leirkole er ingen gjennomgangsveg, så eg har ikkje teke avstikkaren enno, sjølv om eg har undra meg på kva det er å sjå for den som svingar av frå riksvegen. http://no.wikipedia.org/wiki/Riksvei_9 Visste du forresten at der skiltet står heiter det Tromyr? Eg visste det ikkje, men fann det i wikipedia.

Grunnen til at eg kan fortelje dette i dag er at fredag var det ein reportasje i Fædrelandsvennen om Robstadknuten, der dei i dag skulle opne eit nytt friluftsmål, http://no.wikipedia.org/wiki/Robstadknuten Ivrige dugnadsfolk har bygd eit tårn på toppen av Robstadknuten. Det er 6,5 meter høgt og gjer at ein kjem seg over tretoppane. Dermed får ein panoramautsikt, ein kan sjå heilt til havet, som ligg over 30 km i sør. Ein kan og sjå toppar i 20 kommunar på indre Agder.

For å kome til Robstadknuten kan ein gå frå Bringsvær Leirskole. Det er ein tur på tre kilometer, så entusiastane håpa på sol og godver då dei inviterte til opning. Ein kan vel ikkje seie at dei fekk ynsket oppfylt, men «det heiter ikkje dårleg ver, bare dårlege klær»-munnhellet var sikkert lett å ty til denne sundagen. Vind og regn, til og med hagl piska turgåarane denne dagen. Om dei såg havet, tvilar eg på.

Men om du har klikka på lenkene eg har lagt til i denne bloggposten, veit du at det var eg som skreiv om både Røyneland og Robstadknuten på wikipedia. Har du meir å tilføye, er det bare å vere med på å lage dette leksikonet på norsk. Når du les dette, manglar leksikonet om lag 160 artiklar på å ha 192.000. Akkurat no har wikipedia på norsk ein artikkelkonkurranse der ein ser kven som kan skrive flest artiklar fram til ein når 200.000. Eg har ikkje tru på at eg klarar å plassere meg i den konkurransen, men eg prøver å skrive tre nye artiklar kvar dag.