Frå Valle til USA

Share

I kveld hadde eg Sissel Åkre på besøk. Ho fortalde om eit prosjekt dei har i Valle barnehage, det heiter Stev, stad, soge. Dei prøver å finne stev om stader i Valle og formidle forteljing om dette til borna.

Nomelandsfjødd og Steinsås er jo det dei ser i barnehagen, difor har borna teke bilete av desse fjella. Så brukar dei bileta som bakgrunn når dei lagar ein montasje av heimstaden.

I samband med dette arbeidet kom det opp noko om indianarar. Dermed ville Sissel finne ut noko om korleis indianarane levde, og ho trong bilete frå naturen i USA, gjerne med fjell. Ho tok ein telefon til meg då ho ikkje heilt fann det ho leita etter på wikipedia, og med hjelp av stikkorda Grand Canyon og Rocky Mountains fann ho bileta ho var ute etter. http://no.wikipedia.org/wiki/Grand_Canyon
http://no.wikipedia.org/wiki/Rocky_Mountains

Desse artiklane er ikkje spesielt gode på norsk wikipedia, men dei har lenke til engelske artiklar, og Grand Canyon-artikkelen har også lenke til Commons, som er wikipedia sin biletdatabase, som har nesten 3,5 millionar bilete.

Sissel var svært engasjert i si framstilling og gledde seg over å kunne nytte wikipedia på denne måten, så vel som å kunne formidle kunnskap og fakta til borna i barnehagen. -Men no er det snart jol, så no legg vi snart bort dette for ein periode, men så kjem vi attende til det seinare, for no treng vi ikkje avslutte prosjekt når det er gått ein månad, fortalde ho.