Open sending med noko attåt

Share

Onsdag 12. november hadde eg Open sending saman med Karin Bøe. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i sjukdomar, eg fekk ideen etter å ha møtt kommunelege Hanne Straume på butikken i går. Det gjekk unna med falsk krupp, brystkreft, skiveprolaps, hjerteinfakt, bihulebetennelse, tuberkulose, meslinger, poliomyelitt, malaria, syfilis og influensa, men då var klokka over 22:30, så vi avslutta der.

Det vart ein interessant kveld fordi dei som ringde inn, tok imot utfordringa om å kome med eit stev eller dikt, eller kanskje ei god historie. Nesten alle som var på tråden, hadde noko å dele med oss. Jorunn Lund Harstad hadde hatt eit stev liggjande ganske lenge på kjøkenbordet, no fekk ho bruk for det (eg vonar eg fekk skrive det ned omtrent rett):

Eg gav o øl og eg gav o kake,
så fekk han drite i fjorten dage.
Eg gav o øl og eg gav o brau»
men likevel så låg kalven dau.

Det var jo helst litt kraftig kost, men det var med på å gjere kvelden svært så triveleg. Det kom inn telefonar på alle rebusane med unntak av skiveprolaps, der rebusen var slik: Del av et brød + for på latin + moteløve. Eg trur det var ordet laps for moteløve som ikkje fungerte hos folk, men det står i både bokmålsordboka og nynorskordboka, sjå http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=laps&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=bokmaal&s=n&alfabet=n&renset=j Det er jo ei lang lenke, men klikk på den, så finn du laps.

Når eg lagar rebusar, brukar eg desse ordbøkene og wikipedia for å finne nøkkelord som eg ikkje har i hovudet. Ofte kjem eg på ting som eg ikkje tenkte på til vanleg når eg søkjer etter tydingar av slike ledd i eit ord. Det er trim for dei små grå.