Utanlandske filigranstudentar

Share

Det er fire finske studentar og ein nederlandsk i Valle i haust. Dei studerer filigransarbeid på Valle vidaregåande skule med Liv Helga Brokke og Ellen Synnøve Jansen som lærarar i filigransarbeid og med Lex de Jong som lærar i smykkedesign. Onsdag kveld var dei i Valle Radio for å fortelje om utstillinga dei planlegg å ha i Velkomstsenteret frå slutten av november. Onsdag 26. november opnar utstillinga, det er tidlegare rektør ved skulen, no rådgjevar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Lund, som skal opne utstillinga. Vi vil prøve å få sende opninga i radioen før kommunestyremøtet den kvelden.

Dei finske jentene kjem frå Lahti, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Lahtis medan jenta frå Nederland kom frå skulen Lex jobba på før han kom til Valle. Alle var imponert over naturen her i landet, og dei hadde teke mange bilete og lete seg inspirere til å lage smykke med utgangspunkt i naturen. Til og med kaker hadde dei fått inspirasjon til frå norsk natur. Det var særleg fjella som overvelda dei, og sjølv om dei etter kvart var blitt vane med å sjå Steinsås og Nomelandsfjødd når dei stod opp om morgonen og gjekk på skulen, var dei helst overvelda sjølv etter eit par månader i Valle.

Utstillinga dei skal ha, vil truleg og ha smykke for sal, så her kan ein sikre seg ein unik jolepresang før elevane reiser. Dei skrytte mykje av gjestfridom og venlege folk i Valle. Dei finske elevane skjønar litt norsk, men dei snakkar helst engelsk med oss. Og Lex var godt nøgd med å ha elevane i Valle. Dei norske elevane er på besøk på skular i utlandet medan dei utanlandske elevane er i Valle, men i desember kjem dei tilbake for å gå laus på siste semester av skuleåret.