Hylestad skule 50 år

Share

Onsdagskvelden kom Elise Marie Kringen i Valle Radio. Ho er rektor på Hylestad skule. Skulen skal markere 50 år 20. februar 2009. Vi fekk ein triveleg prat om tida som har gått. Elise kom til skolen som rektor for fyrste gong for 22 år sidan, no er ho tilbake i stillinga på andre året. I mellomtida er skulen rusta opp ganske så kraftig, og vi prata om situasjonen slik den var før utvidinga, då gutane storma til vinduet når det kom ein lastebil forbi. Levande interesserte i alt som hadde med bilar og maskinar å gjere fylgde dei med på kven som for nordover og sørover utanfor skulen. No er mykje av aktiviteten flytt bort frå vegen, det gjev meir ro. I tillegg er isolasjonen betre, så trafikkstøyen er ikkje så tydeleg lenger.

Uteområdet til skulen er unikt, kanskje til og med i landsmålestokk. Ballbinge, fotballbane, hoppbakke, friområde like bak skulen utan at ein treng krysse offentleg veg. Det gjev elevane høve til å velje aktivitet i friminutta, både når dei vil leike med andre og når dei vil vere aleine. Den bekken som renn bak skulen er kjelde for miljøoppleving.

20. februar skal det vere jubileumsmarkering på Soknehuset. Det er ein fredagskveld, då kan folk som ikkje bur i Hylestad no, men som har gått på skulen, kome og vere med på feiringa. Kanskje kjem tidlegare lærarar og andre tilsette og den kvelden. Programmet er ikkje klart enno, men dei arbeider med det, både dei tilsette og FAU.