Finn Emanuel Olsen

Share

I går kom eg over ein substubb på wikipedia. Den handla om Finn Emanuel Olsen og var på tre ord: Predikant, forfatter, kunstner. Nå hadde det seg slik at eg i grunnen har visst om denne mannen, heilt frå eg var svært ung, så eg rota litt rundt på internett og såg om det var noko om han der. Det var heller lite, men likevel nok til at eg kunne starte ein ordentleg artikkel om han. Mellom anna fann eg ut at han var fødd i 1911. Han har gjeve ut fleire bøker, og han var kjend for altertavler både i Tonstad og på Valderøy. I bedehuset i Øyslebø er det og eit stort måleri han har laga, fann eg ut.

No ligg artikkelen der: http://no.wikipedia.org/wiki/Finn_Emanuel_Olsen

Eg hadde god hjelp av Indremisjonsselskapets historie II av Ola Rudvin. Der var det personregister og ved hjelp av det fann eg til og med bilete av ein kvartett han var med i. Slikt som skjedde før 1990 er ikkje alltid like lett å finne på internett.

I dag var eg på Valle menighetshus, eg hadde lova å tale der i kveld. Då fortalde eg litt om den opplevinga. Då fekk eg respons, han hadde vore mykje i Valle og måla, fyrste gong han var i Valle var truleg i 1926, då sykla han og far hans frå Kristiansand til Valle. Mellom anna hadde han måla Kvernhus ved Kveasåne, det biletet var seinare på baksida av Evangelistens jolehefte. Det var Kjetil Kyrvestad som visste dette, han eig dette området og hadde vore interessert i å kjøpe biletet, men det var ganske stort og ville ikkje høve i eit privathus, så det vart ikkje noko av handelen, kunne han fortelje. Han meinte og at Finn Emanuel budde hjå Åsulv Austad når han var i Valle, og at han hadde malt altertavla til Fjellgardane kyrkje. Den var vigsla i 1957 av biskop Smidt, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Smidt for informasjon om han. Og her finn du litt om Fjellgardane kyrkje http://no.wikipedia.org/wiki/Hovden_kapell

Slik sankar ein små puslespelbitar her og der og kan setje dei saman til eit større bilete.