Georg Böhm

Share

Georg Böhm var tema i Postludium i Valle Radio i kveld. Denne tyske komponisten, som Johann Sebastian Bach lærte mykje av, levde frå 1661 til 1733 og var organist i Lüneburg frå 1698 til han døydde. Bach var i Lüneburg frå 1700 til 1702, så han har i alle fall høyrt han spele, men son til Bach, Carl Philipp Emanuel, omtala Böhm som sin fars lærar. Meir om dette finn du på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Georg_B%C3%B6hm

I kveld spelte eg fyrst Preludium og fuge i C-dur. Deretter fylgde koralpartita over Herr Jesu Christ, dich zu uns wend, på norsk O Herre, Krist, deg til oss vend. Ei partita er eit musikkstykke som lagar ulike variasjonar over ein melodi, det var Böhm som begynte å bruke denne nemninga på koralvariasjonar. Til slutt spelte Christian Teeuwsen frå Ontario i Canada Partita: Wer nur den lieben Gott liesst walten, Den som i alt let Herren råde.

Organisten frå Canada har studert i Nederland og spelte på orgelet i Bovenkerk i Kampen i Nederland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kampen_(Overijssel) Medan han var i Nederland, var han assisterande organist for Klas Bolt i Haarlem, sjå http://da.wikipedia.org/wiki/Sankt_Bavo_Kirken No er han professor på eit universitet i Ontario. Han spelte friskt og variert, så det var ei glede å høyre på musikken.

Då sendinga var slutt, ringde Niklos og takka for programmet. Han lurte på om dei hadde fått nytt orgel i kyrkja der i Nederland, og då eg slo opp i tekstheftet, synte det seg at det var eit orgel som var nytt i 1999, bygd av Gebr. Reil, dei same som har bygd orgelet i Stavanger Domkyrkje. Niklos meinte at dette orgelet på nokre og tjue stemmer hadde minst så god lyd som orgelet i Stavanger, men romet gjorde nok sitt til det. Elles kunne Niklos fortelje at det vel var over 20 år sidan han høyrde det verket eg spelte fyrst, og at han bare hadde høyrt det ein gong før.