Problemstart

Share

I kveld vart det ein problemstart. Då Inga skulle kople opp, var telefonen daud, og same kva vi gjorde, fekk vi ikkje summetone. Gode råd var dyre, vi tenkte at vi kanskje måtte droppe sendinga, særleg Open sending kan ikkje fungere utan at ein har telefonkontakt på miksebordet.

Ein telefon til Jørund Georg Jore pleier å vere løysinga når vi får problem med det tekniske. Om han er i Valle, går det ikkje mange minutt før han er i radioen for å hjelpe oss. Men i kveld var han i Kristiansand, så vi måtte klare oss sjølv. Etter kvart klarte vi å kople opp linje til Bykle, slik at vi kom på lufta om lag 18:20, men framleis var det ikkje liv i telefonlinjene på miksebordet.

Det enda med at Jørund tok ein telefon til Arne Uppstad, som kom på kort varsel. Det er interessant å sjå kva folk som kan, gjer. Han fann boksen, trekte ut kontakten og sette den inn att. Då nullstilte systemet seg, og så var linja oppe att. Det tok bare eit lite minutt, så var alt i orden. Freden senka seg over radioen og sendinga kunne begynne.

Fyrst var det Kåre Rike og Ronny Stavsholt som snakka saman om elektroniske banktenester. Bakgrunnen var at dei på jolemessa på Rysstad laurdagen hadde betalingsterminal, Valle sparebank har skaffa ein slik som dei låner ut til organisasjonar som treng. Eg prata med Ragnar Aas i går i sendinga, og han fortalde at det var fleire som trong å bruke terminalen på messa, så han meinte det var ein flott ide at Byklefolka hadde fått noko slikt til basaren.

Ut frå dette snakka dei om mangt og mykje som kjem i bankverda, no fasar dei ut minibankkort med magnetstripe og tek til å bruke chip. Difor må ein stikke kortet ned i eit hol no når ein skal betale med kort. Den halvtimen dei hadde saman gjekk fort, og Kåre var svært flink til å forklare endringane som skjer med elektronisk betaling no.

I Kommunen informerer kom Utviklingsavdelinga ved Rune Ingebrigtsen i staden for det oppsette Sosial og Arbeid. Der gjekk og praten greitt om aktuelle saker i Valle kommune.

Så rulla kveldens program vidare etter vanleg låm, Torlef B. Harstad hadde Tankar frå Bibelen, Ronny spela musikk og Britta Lise og Knut Nomeland hadde mange telefonar i sitt Open sending-program. Takk til Arne, som redda kvelden for oss.