God lokalradio 2

Share

I dag kan eg fortelje om respons etter innlegget mitt i går. Det gjekk ikkje så langt ut på dagen før det kom ein epost frå vest som ville vite kven som hadde ringt inn frå Brusand. Det synte meg at nokre av familien min fylgjer med på det eg skriv, sjølv om eg har fått kommentar frå andre om at når eg skriv om Valle Radio, så tykkjer dei ikkje det er så interessant. Dei er ute etter at eg skal skrive personleg stoff, men då svarar eg at dei nok finn litt personleg stoff i det eg skriv om Valle Radio, så dei får bare lese mellom linjene.

Like etter kom ein epost frå Per Randa på Brusand. Han fortel:

Eg har ikkje vore på lufta på valle radio før, men oppdaga valle radio i 2001, var ein som sendt nokre klipp derifrå på jærradioen her, og på dei klippa var det Britta Lise som snakka, så eg fann mailen hennar og kontakta hu og har hatt kontakt med hu sidan. Det var dialekten i valle som fascinerte meg, hadde høyrd nokon frå Bykle på fjernsynet ca. ti år før det igjen med omtrent same dialekten.

Vi fekk ein triveleg utveksling av tankar i fleire epostar i løpet av dagen i dag. Så neste gong eg dreg forbi Brusand, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Brusand med eit flott bilete av stranda der, vil eg kunne tenkje på ein eg har brevveksla med som fylgje av Valle Radio og ikkje bare nyte utsikten og sjå på Hitlertennene – krigsminnesmerket som står att på stranda, sjå http://web3.aftenbladet.no/kultur/article75967.ece