Kursoppleving

Share

Som eg skreiv om i går, har eg vore på kurs. Vi har snakka mykje fag, men i sosiale situasjonar hender det at ein kjem inn på personlege relasjonar og. Det høvde slik at eg kom til å fortelje at eg var aktiv i Valle Radio, og då kom det ganske så fort ein kommentar om at den høyrer eg på når eg er på Hovden i påska. Så det var ei stadfesting av det vi jo opplever i påskesendingane, at folk frå store deler av Sørlandet høyrer på oss når dei har høve til det.

Ein av dei eg prata med hadde og møtt min orgelmakkar Niklos K. Besteland og late seg imponere av hans store kunnskap om emnet. Så der var relasjonane til Valle Radio.

Men elles har kurset vore ei god hjelp til å oppdatere seg på den situasjonen utlendingar går gjennom når dei skal ta Norsk Språktest og dermed få eit papir på at dei kan gjere seg forstått på norsk og at dei sjølve forstår det. År om anna er det ganske mange som går gjennom denne testen rundt om i Norge, nokre av dei er frå Valle. Det er ei god hjelp at dei har trening i å bruke språket ikkje bare i situasjonen på skulen, men og frå andre situasjonar, anten det er som praktikant eller arbeidstakar, eller det er i sosiale situasjonar.

I Valle er det etter kvart blitt ganske mange utlendingar, og når dei kjem seg på flyet frå Bangkok, vil det i næraste framtid kome to nye familiar som har bakgrunn frå flyktningleir for burmesarar i Thailand. Minoriteten karenarar i Burma er på heile åtte millionar menneske, altså fleire enn heile befolkninga i Noreg, Svært mange av desse er drivne bort frå heimane sine og har måtta søke tilflukt hos FNs høgkommissær for flyktningar sitt apparat for å verne folk i det området av Asia som i desse dagar er mykje i søkelyset.