Tankereiser

Share

Når ein ser på TV i desse dagar, kan ein av og til kome til å tenkje at det er betre å reise i tankar enn  fysisk, så slepp ein strande på ein flyplass i Bangkok eller andre problem som måtte dukke opp. Dei flyktningane som vi har venta på i haust, skulle reist frå Bangkok onsdag, men det vart det ikkje noko av, så nå får vi vente lenger på å få dei til Valle.

I det siste har eg bladd litt i ei bok som eg har hatt i hylla mi i mange år. Det er Stig Wernø Holter si bok Kom, tilbe med fryd, ei bok som fortel om hymnologi med utgangspunkt i Norsk Salmebok, men som og tek med mykje interessant stoff frå gamle salmebøker.

Ein av salmediktarane som eg har visst var frå Stavanger, var Jonas Dahl. Så fann eg han i boka til Stig Wernø Holter, og då tenkte eg at eg hadde eit godt utgangspunkt for å skrive ein artikkel om han i wikipedia, nettleksikonet som no nærmar seg 200.000 artiklar, i dag runda vi 197.000, og med den farten folk no lagar nye artiklar, kan ein truleg runde milestolpen alt den komande veka. Så eg tenkte at ein prest og salmediktar og forfattar frå Stavanger bør få vere med på dette og gjekk i gang med å skrive.

Etter kvart som eg samla stoff og skreiv inn i teksten, så vart det ganske så interessant, han hadde vore klassekamerat med Alexander Kielland, han gifta seg i Bergen, fekk si fyrste presteteneste i Vår Frue kirke i Trondheim, drog til Nederland som sjømannsprest, kom heim og var prest på Kongsberg, sidan i Petrikyrkja og Domkyrkja i Stavanger før han avslutta prestetenesta si i Ullern kyrkje i Oslo, der han døydde i 1933. Eg tenkt at eg hadde vore i mange av dei kyrkjene han hadde hatt teneste, og på ulike måtar gått i spora hans mange stader, sjølv om han døydde om lag på den tida foreldrene mine vart fødde.

Son hans, Alf Fasmer Dahl, kom noko nærare meg, for han var prest i Birkeland menighet i Bergen, og der budde eg frå 1973 til 1976. Dei hadde eit kor der som heitte Fasmer Dahls kor, det hadde han starta i si tid. Og så har eg nynna på melodiar han har laga, ikkje minst melodien til farens  Nå vandrer fra hver en verdens krok.

Du kan lese meir om far og son Dahl på wikipedia:  http://no.wikipedia.org/wiki/Jonas_Dahl Der er det lenke til sonen, og hyperlenker på wikipedia kan sende deg og ut på tankereiser. God tur.