God lokalradio

Share

Eg hadde gleda av å høyre på Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland i går kveld då dei hadde Open sending. Det var god lokalradio, og det var ikkje bare fordi det var ein innringar frå Brusand som visste at eg var frå Ålgård. Han høyrde på Internett, var sjølv opprinneleg frå Varhaug, der syster mi bur (mannen hennar er prest der), og etter det eg forstod av samtalen mellom han og Britta Lise var det ikkje fyrste gongen han var med i Valle Radio. Heller ikkje var det fordi ho fekk ein telefon frå Gerd i Bykle og trudde det var Jorunn på Rysstad. Nei, grunnen til at eg koste meg så mykje i går kveld var at Britta Lise hadde funne ut at ho ville nytte den PC’en vi har i studio til å finne ut kor mange som den einskilde innringar delte namn med. Dermed gjekk ho til Statistisk Sentralbyrå sin namnestatistikk, som eg trur eg ganske så populær. Her er lenka til den: http://www.ssb.no/navn/

Etter kvart som nye telefonar kom inn, snakka Knut litt med denne medan Britta Lise slo opp namnet på den sida. Då fann ho at det er 11.124 som har Jorunn som førenamn i Noreg og at det er 6.412 som har det som einaste førenamn. Når det gjeld Gerd, er det 17.410 som har det som førenamn, men bare 6651 som har det som einaste førenamn.

Med dette som grunnlag fekk dei ein hyggeleg prat med dei som løyste rebusane. Rebusane handla om jolegåver og eg var i grunnen litt overraska over kor mange som alt var komen langt med førebuingane, sjølv om det vel og var ein som meinte at det var tidleg enno. Då repliserte Knut at det jo var ope i butikkar på jolaftan og, så ein trong vel ikkje forhaste seg.

Ein tradisjon i førjolstida er at ein heng lys på tre i hagane, og det har eg sanneleg sett alt no. Før var det jo meir vanleg å gjere det til 1. sundag i advent, og det er jo ikkje før neste sundag, så nokre er tidlege også med slike ting. Å bake jolekaker i november og så prøvesmake heile perioden fram til jol, det gjer at høgtida vert litt oppbrukt på førehand, så det vil eg ikkje anbefale. Jolebord, joletallerken og kva det no kallast, kan vere hyggeleg ein gong i førjolstida, men om ein et pinnekjøt og ribbe og kalkun og lutefisk eller torsk for mange gonger i førjolstida, så vert det truleg ein nedtur når kalenderen syner 24. desember.

Men det var tankar eg truleg tenkte litt for tidleg. Det smittar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *