Normisjons si jolemesse i Valle

Share

Tysdagskvelden var Åse Rike i studio og fortalde om Normisjon si jolemesse som skal vere i Valle menighetshus laurdag 29. november. Det var ei stor glede å få henne til å kome og informere om jolemessa, ho brenn for dette arrangementet som kvinneforeningane Fjellblomen i Valle og Regnbogen i Hylestad står bak. No har dei halde på i 26 år, kunne ho fortelje. Denne gongen kjem Knut Svein Dale og Oluva Laksa frå Normisjon Agder krets.

Det som er spesielt med messa i år, er at dei har salsbord med mange heimelaga ting, mellom anna har dei baka jolekaker som dei vil selje. Mange bakar ikkje lenger sjølv, då kan det vere greitt å ha ein smak av jolebakst slik han var før å setje fram. Som vanleg vil det vere suppe og eplekake på jolemessa, så vel som kaffe, vaflar og kaker. Og åresalet er av godt, tradisjonelt merke med marsipankaker, kransekaker og fruktkorger som hovudgevinst. Så kan ein vurdere kva for ei trekking ein vil kjøpe flest årer i.

Det har og vore tradisjon å ha eit større lotteri med gevinstar på bok. Denne boka ligg ute på Joker i Valle, så om ein ikkje kjem seg på messa, kan ein legge i når ein er på butikken.

I løpet av dagen vert det andakt klokka 13 og familiemøte klokka 16, då kjem Vallle og Hylestad barnekor for å syngje. Og så er det trekking om lag klokka 18, kunne Åse Rike fortelje. År om anna får ein inn hundre tusen kroner til Normisjon sitt arbeid. Normisjon arbeider både i Noreg og har misjonærar rundt om i verda, så organisasjonen treng pengar for å halde oppe arbeidet.

Eg vart så glad då Åse tok utfordringa og sjølv kom i studio for å fortelje om jolemessa. Det er viktig at dei som står midt oppe i eit arbeid, fortel om det dei brenn for. Dei har meir å fortelje enn eg vil ha om eg les opp annonsen frå avisa. Når ein nyttar lokalradio på denne måten, då er det ekte lokalradio, etter mi meining.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *