Ingrid Betancourt

Share

I kveld var Ingrid Betancourt http://no.wikipedia.org/wiki/Ingrid_Betancourt hos Grosvold. http://no.wikipedia.org/wiki/Grosvold Det vart eit sterkt møte. Etter det eg forstår hadde ho vore på eit seminar i Fredrikstad torsdag, og ho har skrive ei bok som heiter Brev til mor fra hinsides helvete Sjå http://www.norli.no/NORLI_HTML/ibeCCtpItmDspRte.jsp?item=3299511 der det er denne omtalen av boka:

Ingrid Betancourt hadde vært holdt som gissel i den colombianske jungelen av FARC i over fem år da familien plutselig fikk et livstegn fra henne i form av et brev. Denne boka inneholder hennes brev som er rettet til mora Yolanda og de to barna hennes, Mélanie og Lorenzo. Den inneholder også de to barnas svar.

Det var ein nær og god samtale, eg gleder meg ofte over Grosvold når ho har slike gjester i programmet sitt. Betancourt fortalde om mor si, som kvar dag i over seks år starta å ringe klokka fire om morgonen for å kunne sende helsing til dottera over ein radiokanal, som gisla fekk høyre på, men mora fekk aldri vite at dottera høyrde. Likevel heldt ho ut med å gje oppmuntring tidleg om morgonen. -Det var ei velsigning, sa kvinna som og fortalde litt om korleis livet som fange arta seg.

-Det er 3000 kidnappa personar der ute. Vi må ikkje gløyme dei. Grunnen til at eg kom frå det med livet, var truleg det store medietrykket som var i saka, sa ho og fortalde at ho åt ris og bønner kvar dag i denne tida. Så oppmoda ho folk om å stille opp 28. november, då skal det vere ein demonstrasjon for å minne verda om alle som er kidnappa.

Det var eit program til å bli klok av på fredagskvelden.

Å skaffe pengar

Share

Valle Radio klarar seg med etter måten få tiltak for å skaffe pengar. Vi har reklame, den nye reklamen Britta Lise organiserte og som du høyrer no, fekk så mange som ville vere med at vi ikkje hadde plass til så mykje meir i sendingane. Det andre tiltaket er påskesendingane, den store påskebasaren til Valle Radio går det gjetord om, og den gjev oss nok til at vi kan klare oss det meste av året om vi ikkje er for råflotte. No arbeider vi med å få opp ei ny heimeside, den kostar ein del, elles er det utstyr i radioen som kostar ein del. Men den store utgiftsposten i alle bedrifter, den slepp vi, for vi betaler ikkje løn til nokon av dei som er med og driv Valle Radio.

I dag kom eg over ein interessant setning. Det var på ei diskusjonsliste for wikipedia, som no samlar inn pengar til drifta for neste år. Dei treng seks millionar dollar, mange meiner at det er utruleg lite for å drive ein av dei mest populære nettstadene på heile Internett. På sida der ein ber folk om å gje er det sett opp forslag om å gje 30 dollar. Dermed kom det ein kommentar frå ein fransk lesar:
Folk snakkar fransk ikkje bare i Frankrike, men og i Canada og i Algerie. For ein professor i Algerie, som tener 400 euro i månaden, er det utenkeleg at han skulle gje 30 euro til wikipedia.

Men ein fransk professor, som tener minst 4000 euro i månaden kan nok gjere det. Men professoren i Algerie lever betre for 400 euro enn franskmannen med 4000 euro.

Det gav meg eit lite perspektiv på kor ulikt godene er fordelte i verda. Når ein ser ei liste med folk som har donert gåver til wikipedia og ser at folk har gjeve tilsvarande ein dollar, må ein kanskje tenke at dei bur i land der ein dollar har større verdi enn sju kroner i mi lommebok.

I går kveld vart vi stijande og prate litt etter sendinga. Vi kunne konstatere at no skal det vel helst vere basar kvar einaste helg i tida framover. Basarane på Rysstad, Dagsenteret og Menighetshuset kjem som perler på snor. Vi kan vere med og yte litt og vere takksame for at vi har det godt og har noko å dele med andre, til og med etter finanskrise og meir til.

Triveleg onsdagskveld

Share

Først stor takk til Åsmund Hoslemo som fiksa problemet vi hadde i studio i Bykle, slik at P4 kom på lufta att. Dermed kunne vi kople opp klokka 17:45 og vere klar til sendinga i kveld starta.

Det var eigentleg Ørnulf Hasla som stod på programmet til å vere programleiar denne kvelden, men han har ikkje høve til å ha ansvar for sendingar i haust, så Bjørgulv T. Berg steppa inn og hadde sydd saman eit triveleg program:

Aktuell time:
1. Telefon til flykningekonsulent Guro Nordli Solbakk, som treng utstyr til nye flyktningar som kjem til Valle sist i november. Stellebord og står høgt på lista, men også leiker til borna, sa Guro på telefon, nettopp komen heim etter ein tur til Kristiansand for å finne noko av alt som står på lista som ein treng før 15 personar frå Burma kjem.

2. Randi Myrum har gått av som leiar i Valle Bygdekvinnelag etter åtte år. Dei tre kvinnene som takka for seg i styret no i haust, Randi, Lisbeth D. Homme og Jorunn Lund Harstad, hadde over 40 års fartstid i styret. Randi og Bjørgulv snakka om kor viktig det er at nokon tek ansvar for dugnadsarbeid i ei bygd.

3. Lisbeth på biblioteket skal ha Nordisk Bibliotekveke, sjå http://www.bibliotek.org/default_no.asp med fleire arrangement neste veke. Morgengry med elevar i 3. klasse vert det alt på fredag, og neste veke er det besøk i barnehagane. Neste fredag, 14. november, vert det og litteraturkveld med Fred Arthur Asdal i kommunestyresalen. Lisbeth var med på telefonen, biblioteket er ope til klokka 19 på onsdagane. Her er meir om Asdal: http://www.bokapnerne.no/sitepageview.aspx?sitePageID=1522

4. Sigurd Brokke http://underskog.no/kalender/26117/forestilling/33219 skal ha ny duell med Linda Eide. http://www.nrk.no/programmer/tv/norsk_attraksjon/1.3415851 Det skjer på Bygland fredag i regi av Agder Mållag og Bygland Mållag. Sigmund Skomedal skal vere dommar i duellen. Sigurd var og med på telefon, han var på møte i vallemal.no, dei hadde korrekturlesing på 20 av dei 7400 orda som no ligg i databasen.

Sendinga avlyst

Share

I kveld måtte eg avlyse sendinga. Det synte seg at P4 har vore nede sidan sundag, og P4 sender på Bykle Radio/ Valle Radio sine sendarar når vi ikkje har sending.

Eg prøvde å få tak i Reidar Trydal, som er den vi skal kontakte når det er noko galt i Bykle. Men han var bortreist og kunne ikkje hjelpe, det same var Ole Morten Egeland, som eg ikkje fekk tak i, men som eg fekk vite var borte. Også Olav Mandt, som vi har hatt mest å gjere med i styret, var bortreist, og vår redaktør Bjarne Tveiten hadde ikkje noko peiling på slike tekniske saker.

Det enda difor med at eg måtte ringe Niklos K. Besteland og seie at han ikkje trong å ta bussen frå Besteland til Valle for å lage Postludium i kveld. Når ein ikkje kjem på lufta, er det liten grunn til å lage sendinga, det er ikkje internettradio vi driv.

Det er jo litt dumt at ein skal vere avhengig av Bykle Radio, men dei har sendarane som vår sending går ut frå, så sjølv om dei ikkje er aktive no, må vi gå gjennom deira tekniske system for å få våre sendingar på lufta. Og har det vore straumstans og dei må inn og resetje systemet, så må vi ofte ringe dei og seie frå at no er P4 nede. Det er nokre som tek kontakt og lurer på kva som feilar Valle Radio når dei ikkje får inn P4. Men det er nok hos Bykle feilen ligg då, så å ringe til meg eller ein annan her i Valle er bare å gå ein omveg, for ein må fysisk inn i teknikken i Bykle for å få sendinga opp att.

Så då blei det ikkje noko program i kveld, men to innlegg på bloggen, det fekk du.

Valle Radio i Spania – med orgelprogram

Share

Eg fekk ein e-post frå Jarle Fagerheim frå Klepp, han meinte at eg ville ha glede av ei lenke han sende meg. Den handla om Weekly Theatre Organ Radio Show From Spain, så eg vart litt nysgjerrig. Eg kan jo dele det med dykk: http://atos.org/web-journal/

Her fortel Steve Ashley om eit teaterorgelprogram han har kvar veke i Valle Radio i Albox i Spania. Det var ikkje noko om Albox på norsk wp, så du får klare deg med den engelske inntil vidare: http://en.wikipedia.org/wiki/Albox Under kartet finn du ei lenke med geografiske koordinatar, og då kan du gå på google map og sjå at det ligg mellom Granada og Cartagena, om lag 200 km sørvest for Benidorm.

Han fortel at han starta i mars 2007 som eit halvtimes program i tillegg til eit to timars program med eldre musikk som vart kalla Those Dancing Years. Orgelprogrammet kalla dei Pipes and Paella, det var svært lokalt lagt opp, og sjølv om det var smalt, likte sjefen for radioen programmet.

No i mai 2008 vart programmet utvida til ein time, det fekk nytt namn, Hot Pipes! og fekk eit internasjonalt perspektiv og retta seg mot dei som likar teaterorgel. Tall over lyttarar har stige sidan det nye konseptet kom på plass 28. mai. -Når eg får tak i CD-ar, fortel eg om dei og anmelder dei, eg gir også informasjon om konsertar og andre hendingar. I tillegg spelar eg frå platesamlinga mi.

Ein kan høyre programmet frå www.musicnostalgia.com. Han spelar også etter oppfordring og med helsingar, det er bare å ta kontakt, skreiv
Steve Ashley, Producer and Host (August 27, 2008)

Takk til Jarle for ei artig tilbakemelding.

Program veke 45, 2008

Share

Tysdag 4. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen
19:00 Hjemme i Himlen. Sangprogram
20:00 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. november

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Harald Haugland
Telefonvakt: Gudrun Nomeland/ Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Hylestad skule
19:30 Tankar frå Bibelen.
20:00 Bjørgulvs time med gjester i studio
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

Telefon: 379 37 577

Kveasåni

Share

Å kome frå nord og sjå Kveasåni er ei oppleving som snart skal forsvinne, om det går som nokre ønskjer. Dei vil legge fossen i røyr, Men det har drege ut, og etter kvart har eg høyrt fleire som er skeptiske til det. Det er ein vakker foss når ein kjem nordfrå, sørfrå er han lite synleg. Når det har vore ein del regn og fossen svulmar opp, er han den einaste store fossen som kjem ned like ved Riksveg 9 i Valle kommune.

Eg tenkte på dette då eg køyrde forbi fossen fredagen. Og då eg kom heim, fann eg boka Setesdal – klatring i Sør-Norge. Der er fossen omtala:

Dette, til en forandring, er ikke noe fjell, men leiet til en foss. Veggen er vest-vendt.

Ruten ligger rett til venstre for fossen Kveasåni, ca 8 km sør for Valle på Otras østside. Hvis forholdene tilsier det, er den beste tilkomsten fra den gamle sørligste broen ved fossen. Gå opp langs bekken, som tar ca 5 minutter. Ruten starter bak den bratte seksjonen til venstre for den første fossestrålen, som er ca 10 meter høy. Deretter følger du bare boltene, ta en dukkert innimellom og nyt livet. Etter den 7. taulengden går det an som et alternativ å gå opp langs det bratte bekkefaret. Anbefales spesielt på kveldstid.

Eg let meg imponere av folk som kan finne glede i noko slikt. For meg er det glede stor nok å køyre forbi når fossen går kvit ned fjellsida.

Adolf Bjerkreim

Share

I kåseriet mitt tysdagskvelden fortalde eg om Adolf Bjerkreim, som eg har skrive ein artikkel om på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Adolf_Bjerkreim som er basert på artikkelen på nynorsk, og frå lenke i venstremargen kan du lese den.

Det eg fortalde om i radioen, var mitt minne om denne predikanten, som var talar på Skolelaget då eg gjekk i første eller andre klasse på realskulen, eg hugsar ikkje heilt. Han samla svært mykje folk og talte i to timar, så vi måtte gå før møtet var slutt for å rekke bussen heim, noko som var svært uvanleg for lagsmøta.

Bjerkreim stod i store vekkingar, mellom anna på Karmøy, der han slo seg ned og fekk heimen sin etter at han hadde gifta seg med ei jente derifrå. Framleis er det fleire bedehus som har maleri etter han der på øya.

I vår tid er han mest kjent som forfattar av ei rekke oppbyggelege bøker. Spørsmål og Svar er basert på ei spalte han hadde i Evangelisten i nærare 40 år. Dei er samla i tre bøker. Elles har han gjeve ut bøker basert på Hebrearbrevet og Efeserbrevet og fleire andre i same sjanger.

Vi tenkjer nok ikkje så ofte på det, men han har ein sang i Sangboken, det er Tak meg min Jesus åleine med deg, som han skreiv for 100 år sidan, i 1908, Den avslutta eg sendinga med den tysdagskvelden, Odd Dubland og dottera Oddrun har sunge den inn på ei av platene sine.

Den kan syngjast på fleire melodiar, både Hitinntil Herren har hjulpet så vel og på melodien Hadde jeg vinger.

Tak meg min Jesus åleine med deg
Bort ifrå verda sin larm.
Tal ved den Heilage Ande til meg,
Legg meg så stilt ved din barm.
Løys du dei band som til verda meg bind
og gjev meg meir av ditt heilage sinn.
Haldt du meg alltid i kjærleiken varm,
ber meg så trygt på din arm.

Jesus du veit eg er ung, eg er veik,
vara meg ikkje eg kan.
Mange er dei som i livet deg sveik,
trør no på blodet som rann.
Difor min Jesus, du vara meg må
så inn ved korset eg alltid må stå.
Lat meg få sjå på ditt storfelde verk,
derved eg alltid vert sterk.

Hjelp meg å leva i tru på ditt ord,
hald du meg vakande her.
Jesus, du veit det er mykje på jord
som til meg smiler og ler.
Å, lat det aldri få makt over meg
så det kan draga meg bort ifrå deg.
Syn meg din himmel og vis meg min krans –
vera då tapar sin glans.

Lei meg så stundom i tankane heim,
så eg forstår eg er rik.
Lat meg få sjå inn i gleda til deim
som alt har vorte deg lik.
Lyft meg på englar si vengja mot sky,
løyn meg i storm ved di bringa i ly.
Så vil eg lengtande gå på min veg,
venta på heimlov frå deg.