Stuvfullt hus og tom lommebok

Share

Då eg snakka med Ragnar Aas om jolemessa på Rysstad, var han godt nøgd med resultatet både når det gjaldt folk og pengar. Han var særleg takksam for at ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund hadde kome med ei helsing i høve at det var 25 år sidan desse jolemessene starta. Og veret hadde vore lagleg jolemessever, ikkje så fint at folk gjekk på heia og ikkje så dårleg at folk sat heime.

Sjølv fekk eg det som truleg blir mi einaste jolemesse i år denne helga. Det var Normisjon si jolemesse i Mandal, og eg tok ein tur dit laurdagskvelden for å høyre Kurt Hjemdal tale. Han talte i ein halv time utan manuskript med utgangspunkt i 1. Peters brev 1, 3: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Temaet for talen var Levande von og det var inspirerande å høyre på. Gospelkoret Restart frå Søgne song og det var trøkk i songen deira. Stuvfullt bedehus var det og denne kvelden.

Men så var det tilbake til åresal og sosialt samvær med kaffe og mat. Ulikt messa på Rysstad hadde dei seks gevinstar, så trekkinga tok si tid. Men dei som var der, hadde nok sett av laurdagskvelden til dette. Truleg hadde dei teke ut pengar og, men akkurat som på Rysstad var det ein minibankterminal om nokon gjekk lens. I grunnen er det fort gjort å gå lens på ein slik kveld, det vert fort til at ein kjøper for ein hundrelapp eller to i åresalet. Og så skal ein leggje i på hovudtrekkinga. Og plutseleg er lommeboka tom.

Sjølv vann eg ein pose Sørlandschips denne kvelden. Eg får trøste meg med at andre kveldar har eg ikkje kome så tomhendt heim. Og så hadde eg jo tenkt å støtte arbeidet med nokre kroner, no fekk eg ein triveleg kveld attpå med ei god preik og vakker song.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *